Til Topps på Galdhøpiggen
H.K.H. Kronprins Haakon og Prins Sverre Magnus snudde ved foten av Styggebreen, mens resten av familien stilte i taulaget over breen og vidare heilt opp til toppen av Galdhøpiggen.
Til Topps vart arrangert for fjerde år på rad, og sidan starten har over 4000 deltakarar frå ei rekkje ulike nasjonar lagt ut på den strabasiøse turen mot toppen, 2469 meter over havet. Til Topps er meint å markere integreringsarbeidet i Noreg, og måla for prosjektet er blant anna å bidra til positiv merksemd til integreringsarbeidet og å inspirere folk til å delta i dette arbeidet i nærmiljøa sine.
Arrangementet gjekk over to dagar, fredag og laurdag, med fjellturar begge dagar og folkefest i Lom på fredag. Kronprinsesse Mette-Marit deltok saman med Marius, Prinsesse Ingrid Alexandra, Prins Sverre Magnus og andre Til topps-deltakarar frå ei rekkje ulike nasjonar. Det vart mat i lavvo og utekonsert der blant anna artisten Samsaya underheldt. Kronprinsessa var òg på scenen og ønskte alle som skulle gå til toppen, ein riktig god tur.
Arrangørane
Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) og Raudekrossen i Noreg har vore ansvarlege for dei tre tidlegare arrangementa, men i 2011 har i tillegg KS - Kommunesektorens interesse- og arbeidsgjevarorganisasjon - og Den norske Turistforening (DNT) vore med på samarbeidet.
Kronprins Haakon deltok på turen til Noregs tak også i 2009.
Aktuelle saker
50 år med Framtiden i våre hender
Hans Kongelige Høyhet Kronprins Haakon var til stede under en rapportlansering i anledning organisasjonen Framtiden i våre henders jubileum.
Utnevnelse til St. Olavs Orden
Hans Majestet Kongen har utnevnt lege, programleder og artist Trond-Viggo Torgersen, Bergen, til Kommandør av Den Kongelige Norske St. Olavs Orden.