Hopp til hovedinnhold

Teater Manu 10 år

Prinsesse Märtha Louise var fredag til stades på premieren på jubileumsframsyninga «Manu – et sant eventyr» på Teater Manu i Oslo. I år er det 10 år sidan Noreg fekk ein profesjonell teiknspråkscene.
20.08.2011

10-årsjubileet blir feira med ein farse over framsyningane ved teateret gjennom åra. Framsyninga «Pinocchio» er ei av dei og fekk i 2010 heile tre Hedda-nominasjonar. Teateret har òg gjort seg gjeldande internasjonalt.

For høyrande og døve

Fire teiknespråkskodespelarar og to stemmeskodespelarar skal i løpet av august og september turnere på scenar i åtte byar og tettstader i Noreg. Framsyninga er tilgjengeleg for alle – ho blir spelt på teiknspråk, men er iscenesett av høyrande.

Prinsesse Märtha Louise vart møtt av teatersjef Mira Zuckermann, styreleiar Grethe Henden og produsent Mathis Junker Gran da ho kom til lokala til teateret på Grünerløkka i Oslo. Etter framsyninga møtte Prinsessa skodespelarane bak scenen.

Framsyninga «Manu - et sant eventyr» er skriven av Kjersti Fjeldstad og Rune Anda. Regien er ved Mira Zuckermann, Knut Nærum har vore engasjert som konsulent, og dramaturg er Bodil Kvamme.

Norges Døveforbund

Norges Døveforbund vart stifta da Teater Manu vart oppretta i 2001. Prinsesse Märtha Louise er beskyttar for organisasjonen.
 

Relaterte lenker

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook