Hopp til innholdet

Aktiv i Lom

I Lom kommune inviterte ordføraren Kronprinsparet til å sjå på – og delta i – ulike aktivitetar saman med elevane på skulen. Her er det aktiv læring som gjeld.

18. september 2019

Kronprinsparet inviterte til mottakelse for dem som har bidratt i planlegging og gjennomføring av fylkesturen. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix

Og det var verkeleg mykje som gjekk føre seg på Loar. Her var barn i full aktivitet med både sykkel, fotball og stikkball. Nokon dreiv med snikring og lafting, mens andre spelte utesjakk – eller heldt på med prosjekt innandørs.

Kronprins Haakon vart med og spelte fotball på Loar. Foto: Marius Gulliksrud, Stella Pictures

Kronprinsparet fekk helse på mange av barna på skulen – og ta del i gruppearbeid under besøket. Skulebarna vart òg med til Brubakken, der Kronprins Haakon skulle opne eit nytt trafikkmiljøtiltak utanfor porten til barnehagen.

Brubakken trafikkmiljøtiltak

– Det betyr mykje å ha ein god skuleveg, sa Kronprinsen, – der både foreldre og barn kan ferdast til og frå skule og barnehage i hyggelege og trygge omgjevnader. Det bidreg òg til at ein får rørt seg meir, noko som er godt for både kroppen, hovudet og sinnet.

Kronprinsen opnar Brubakken trafikkmiljøtiltak saman med Kronprinsesse Mette-Marit og ordføraren i Lom, Bjarne Eiolf Holø. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix

– Derfor heng dette miljøtiltaket òg godt saman med det vi har fått høyre om på Loar skule i dag om aktiv læring. For vi lærer ikkje berre med hovudet. Vi lærer med heile oss. Vi tek inn kunnskap, erfaringar og inntrykk med både hovudet, kroppen, kjenslene og alle sansane våre.

Sykling på Lom helseheim

Det er ikkje berre aktivitet for dei unge i Lom. Også på eldresenteret er det lagt til rette for fysisk utfalding. Kronprins Haakon avslutta besøket i Lom på den lokale helseheimen, der sykling er ein del av aktivitetstilbodet for dei eldre.

Motiview-syklar er ein del av aktivitetstilbodet på Lom helseheim. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix

Syklane er sette opp med skjermar som viser "kvar" ein syklar. Dermed kan dei eldre leggje trimturen til eksotiske stader – eller til velkjende vegar frå heimtraktene.

Mottaking

I kveld inviterer Kronprinsen og Kronprinsessa til mottaking på Gammal-Kleppe. På gjestelista står mange av dei Kronprinsparet møter under fylkesturen i Oppland, og mange som har vore med på å leggje til rette for dei mange fine opplevingane.

Kronprinsparet høyrer Tone Jorunn Tveito lokke til fest frå taket på ein av bygningane på Gammal-Kleppe. Foto: Tom Hansen, Hansenfoto.no

Lokale yrkesfagelevar frå kokk og servitør er med og steller i stand det heile. Dei får kunnig hjelp og instruksjon frå kjøkkensjefen og hovmeisteren på Slottet.

Held fram til Vågå

Oppland 2019: Lom

Kronprins Haakon og Kronprinsesse Mette-Marit besøkte seks kommuner i Oppland i løpet av tre dager i september 2019. Reisen gikk til Dovre, Lesja, Skjåk, Lom, Vågå og Sel. Foto: Simen Løvberg Sund, Det kongelige hoff
Kronprinsparet inviterte til mottakelse for dem som har bidratt i planlegging og gjennomføring av fylkesturen. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix
Kronprinsparet ankommer Loar skule. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix
Elevrådslederen Mohammed var med og viste Kronprinsparet rundt på Loar skule. Foto: Simen Løvberg Sund, Det kongelige hoff
Kronprinsparet møtte aktive elver på Loar. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix
Ordfører Bjarne Eiolf Holø prøver seg på utesjakk. Foto: Marius Gulliksrud, Stella Pictures
Gruppearbeid på Loar skule. Foto: Guri Varpe, Det kongelige hoff
Gruppearbeid på Loar skule. Foto: Marius Gulliksrud, Stella Pictures
Kronprinsen fikk kjøre rickshaw til Lom eldreheim. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix
Kronprins Haakon tok turen innom Baker'n før han forlot Lom. Foto: Simen Løvberg Sund, Det kongelige hoff
Lokale yrkesfagelever fra kokk og servitør steller i stand til mottakelse under veiledning av Slottets kjøkkensjef og hovmester.
Yrkesfagstudenter steller i stand til mottakelse under ledelse av Slottets kjøkkensjef. Foto: Nicolai Lundsgaard, Det kongelige hoff

Oppland 2019

Kronprinsparet var på fylkestur i Oppland 17. til 19. september, og besøkte kommunene Dovre, Lesja, Skjåk, Lom, Vågå og Sel. Her kan du følge reisen i bilder.

Dovre var reisens første mål, og Kronprinsparet ville gjerne ta noe av den fantastiske naturen her i øyesyn. De la i vei opp mot Viewpoint Snøhetta. Foto: Tom Hansen, Hansenfoto.no
Langs stien finnes steinheller med informasjon om Dovrefjell og områdets lange historie. Foto: Tom Hansen, Hansenfoto.no
To "reisende langs stien" - i Martin Hjerkind og Kirsti Vik Hjerkinds skikkelser - fortalte om fjellstuene på Dovrefjell. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix
Mange dovringer slo følge med Kronprinsparet opp mot Tverrfjellhytta. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix
Vel oppe ved Viewpoint Snøhetta møtte en fantastisk utsikt Kronprinsparet. Foto: Tom Hansen, Hansenfoto.no
Kronprinsparet ved Viewpoint Snøhetta. Foto: Tom Hansen, Hansenfoto.no
Kronprinsparet ved Viewpoint Snøhetta. Foto: Tom Hansen, Hansenfoto.no
Kronprinsparet ved Viewpoint Snøhetta. Foto: Tom Hansen, Hansenfoto.no

Viser 8 av 76