Starta fylkesturen i Dovre
Kronprinsparets fylkestur i Oppland er i gang. Den Høgvyrde Kronprinsen og Kronprinsessa besøkjer seks opplandskommunar på tre dagar, og det heile starta i praktfulle omgjevnader på Dovre i dag.
17. september 2019

– Kronprinsessa og eg har akkurat begynt reisen vår inn i det vi kan kalle sjølve hjartet av Noreg, sa Kronprins Haakon i dag. – Vi står her midt i eventyret, midt i det mest grunnfesta i den norske identiteten og i og historia til landet. Grunnlova vår vart til og med forsegla med eiden eidsvollsmennene svor til kvarandre: «Enige og tro til Dovre faller.»
Starta på Dovre
Dovre er ein fjellkommune og ein nasjonalparkkommune. Heile 73 % av territoriet ligg i verna område, og øvst i Dovrefjell kneisar Snøhetta 2286 meter over havet. Denne fantastiske naturen ville Kronprinsparet ta i augnesyn. Dei gav seg opp til Tverrfjellhytta, Viewpoint Snøhetta, som gjev makelaus utsikt over fjellheimen.

Langs stien opp finst ei rekkje steinheller som fortel om historia til Dovrefjell gjennom 10 000 år, og den historia fekk Kronprinsen og Kronprinsessa høyre meir om.
Kongevegen
Reisande, handelsmenn og pilegrimar har teke vegen over Dovrefjell i meir enn 1000 år. Gradvis gav auka handel og samhandling behov for betre vegar, og på slutten av 1600-talet og vidare utover 1700-talet vart Kongevegen over Dovrefjell utbygd. Fire fjellstuer langs ruta plikta å gje dei reisande ly på den farefulle ferda: Fokstugu, Hjerkinn, Kongsvold og Drivstua. No blir det arbeidd for å gjere dette til ein historisk vandringsveg som kan gje både kunnskap, oppleving og verdiskaping.

For dei fleste er nok moskus det dyret dei knyter til Dovre – og som òg har fått æra av å pryde våpenskjoldet til kommunen. Men Dovre husar òg delar av den siste villreinstammen i Europa, og representantar frå Villreinsenteret på Hjerkinn fortalde Kronprinsen og Kronprinsessa om arbeidet for å bevare villreinbestanden i Noreg.
Utsikt over Dovregubbens rike
Vel framme på Tverrfjellhytta var det ei fantastisk utsikt som møtte Kronprinsparet. Utsiktspaviljongen, kalla Viewpoint Snøhetta, er teikna av arkitektkontoret Snøhetta på oppdrag frå Norsk villreinsenter Nord og stod ferdig i 2011.

Paviljongen er open døgnet rundt i sommarhalvåret. Ei stor glasflate gjev dei besøkjande ei storslått utsikt mot Snøhetta-massivet i nord. Mot sør er bygget i tre og forma som ei bølgje. Bygget har vunne fleire internasjonale prisar sidan det vart oppført, og vart kåra til «Årets bygning i verda» i 2011.
Kronprins Haakon og Kronprinsesse Mette-Marit kunne òg sjå det som ein gong var Hjerkinn skytefelt – no ein del av nasjonalparken. Feltet vart lagt ned i 2008, og sidan har det pågått ei omfattande naturrestaurering her. Vegar, bygg, skytebanar og andre sår i naturen etter øvingsverksemda til Forsvaret gjennom fleire tiår har vorte fjerna. Området skal vere ferdig restaurert i 2020.

Kulturinnslag
Besøket til Dovre vart avslutta med talar og kulturinnslag med dans, musikk og song. Kronprins Haakon heldt den første talen på reisa. Han var imponert over kva dei hadde fått sjå frå Viewpoint Snøhetta, og over kombinasjonen av natur og arkitektur:
– I Noreg har vi kanskje eit spesielt ansvar for og ein spesiell sjanse til å løfte fram naturen gjennom arkitekturen. Vi har byggjematerialar i særklasse. Vi har natur som fortener å nytast – også med tak over hovudet, sa Kronprinsen.
– Vi kan vere stolte av alt det vakre som har vorte skapt dei seinare åra både av kunstverk og av arkitektoniske bygg som sklir harmonisk inn i landskapet – ofte på nokså utilgjengelege stader, som her oppe. Dette gjev ein ekstra dimensjon til den store livskvaliteten det gjev å vere i naturen.

Held fram til Lesja
Oppland 2019: Dovre

Oppland 2019
Kronprinsparet var på fylkestur i Oppland 17. til 19. september, og besøkte kommunene Dovre, Lesja, Skjåk, Lom, Vågå og Sel. Her kan du følge reisen i bilder.




Viser 8 av 76




