Hopp til innholdet

Avslutta sesongen for Kongeskipet

Hans Majestet Kongen debarkerte Kongeskipet Norge i går kveld, etter ein innhaldsrik sesong. Hennar Majestet Dronninga og Den Høgvørde Kronprinsen var òg til stades under seremonien om bord.

10. september 2025

"Leve Kongen! Hurra!" Relingsmanning på Kongeskipet Norge. Foto: Ola Vatn, Det kongelege hoffet

Tradisjonen tru var det oppstilling og inspeksjon av mannskapet på akterdekket. Kronprins Haakon nytta høvet til å takke alle for innsatsen på vegner av Kongeparet og Kronprinsparet. Deretter følgde inspeksjon av fartøyet.

Kong Harald og Dronning Sonja følgjer inspeksjonen av befal, offiserar og øvrig mannskap. Foto: Ola Vatn, Det kongelege hoffet
Oppstilling og inspeksjon på akterdekket. Foto: Ola Vatn, Det kongelege hoffet

Kongeskipet har hatt ein lang og variert sesong – og har vore synleg langs norskekysten frå nord til sør.

Første tokt gjekk til Troms og Svalbard i juni, i samband med Kongeparet si fylkestur. Kongeskipet vart òg nytta i høve utvandringsjubileet i Stavanger, som bustad for Kronprinsparet under 100-årsjubileet for Gamlehaugen i august, og sist under besøket til Dronning Sonja i Geiranger.

Kongeparet besøkte Bjørnøya for første gong i år – etter ein lang seglas med Kongeskipet Norge. Foto: Ola Vatn, Det kongelege hoffet

Kongeskipet Norge vart gjeve som ei gåve frå det norske folket til Kong Haakon VII etter ein landsomfattande innsamlingsaksjon i 1947. Skipet er eigd av Hans Majestet Kongen, men vert driven av Sjøforsvaret.

Når Kongen er om bord på Kongeskipet Norge, vaier Kongeflagget frå toppen av aktermasta.

«Leve Kongen! Hurra!» Relingsmanning på Kongeskipet Norge. Foto: Ola Vatn, Det kongelege hoffet
Kongeparet og Kronprinsen omgitt av befal, offiserar og øvrig mannskap. Foto: Ola Vatn, Det kongelege hoffet

Debarkering 2025

Debarkering. Foto: Ola Vatn, Det kongelege hoffet
Kronprins Haakon om bord på Kongeskipet Norge. Foto: Ola Vatn, Det kongelege hoffet
Kongeskipet Norge. Foto: Ola Vatn, Det kongelege hoffet
De to skipene går inn mot kai. Det norske kongeskipet først, etterfulgt av Dannebrog.
Kongeskipene Dannebrog og Norge ankommer Århus. Foto: Mikkel Berg Pedersen / Scanpix

Kongeskipet

Fakta om Kongeskipet

  • Lengde: 80,2 meter
  • Bredde: 11,6 meter
  • Dybde: 4,7 meter
  • Bruttotonnasje: 1628 tonn
  • Maksimumsfart: 16 knop
  • Marsjfart: 14 knop
  • Rekkevidde: 6500 nautiske mil
  • Hjemmehavn: Oslo
  • Kallesignal: LAMA
  • Klasse: 1A1 Yacht
  • Maskineri: To Bergen Diesel, 1760 hk hver
  • Bygget av Camper & Nicholsons Ltd., Gosport, England i 1937
  • Innredning: Arkitekt Finn Nilsson