Fossedag på Slottet
For andre gong kunne Den Høgvørde Kronprinsessa ønskje velkomen til Fosseforedrag og utdeling av Fosseprisen for omsetjarar i Store festsal på Det kongelege slottet.
23. april 2026

- I dag er vi så heldige å være sammen med Marilynne Robinson. Hun er en av vår tids mest anerkjente forfattere, og en av USAs fremste intellektuelle, sa Kronprinsessa. - I tillegg hedrer vi årets Fosseprisvinner, Paula Stevens, som har oversatt nærmere 90 bøker fra norsk til nederlandsk. Et stort livsverk.
Store festsal på Slottet var fylt med gjester og eldsjeler frå bibliotek, forlag og litteraturhus. Etter innleiing frå kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery og presentasjon frå nasjonalbibliotekar Åse Wetås, gjekk Marilynne Robinson på podiet og heldt føredraget sitt om tru og tankefridom.

– Tusen takk, Marilynne Robinson, sa Åse Wetås etter føredraget, for at du delte refleksjonane dine om korleis finne håp i litteraturen sjølv om samtida kan opplevast som dyster, og takk for at du minner oss om evna menneska har til å skjerpe tanken.
Fosseprisen for omsetjarar
Så var tida komen for overrekkinga av Fosseprisen for omsetjarar 2026 til Paula Stevens. Det var kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery som stod for overrekkinga, etter at Margit Walsø, direktør ved NORLA – Norwegian Literature Abroad, gjorde greie for grunngjevinga til juryen.

Walsø løfta fram omfanget og kvaliteten på arbeidet til Stevens, og korleis ho har ei særeigen evne til å finne presise og kreative løysingar på krevjande omsetjingsutfordringar.
– Gjennom meir enn fire tiår har arbeidet hennar hatt avgjerande tyding for utbreiinga av norsk litteratur i det nederlandske språkområdet. Ho er òg ein sentral formidlar og talsperson for norske forfattarar, konkluderte Walsø.


Fosseforedraget 2026
Marilynne Robinson (f. 1943) er ein amerikansk forfattar og essayist, særleg kjend for den prislønte Gilead-kvartetten. Robinson er omsett til 36 språk og blir rekna som ein av dei fremste litterære tenkjarane i vår tid, med essays og romanar som krinsar rundt tru, nåde, fellesskap og menneskeverd. Ho har doktorgrad i engelsk litteratur og er mottakar av ei rekkje store litterære prisar, mellom anna Pulitzer-prisen. Robinson blir jamleg nemnd i samband med nobelprisen i litteratur. Kjelde: nb.no
Fosseprisen 2026
Paula Stevens (f. 1955) er ein framståande nederlandsk omsetjar og ein sentral formidlar av norsk litteratur til eit nederlandskspråkleg publikum. Sidan 1982 har ho omsett nær 90 bøker frå norsk, mellom anna verk av Karl Ove Knausgård, Lars Mytting, Roy Jacobsen, Johan Harstad og Åsne Seierstad. Gjennom fire tiår har Stevens hatt avgjerande betydning for utbreiinga og forståinga av norsk litteratur i Nederland, og ho har òg spela ei nøkkelrolle i rekruttering og opplæring av nye omsetjarar. Ho er tildelt ei rekkje prestisjetunge prisar. Kjelde: nb.no

Fosseforedraget og Fosseprisen
Fosseforedraget og Fosseprisen for omsetjarar vart oppretta av regjeringa i 2024 for å heidre nobelprisvinnar i litteratur Jon Fosse. Arrangementet er regi av Nasjonalbiblioteket og finn stad på Det kongelege slottet.
Formålet med Fosseforedraget er å bringe den internasjonale tenkinga rundt litteratur til Noreg, og formålet med Fosseprisen for omsetjarar er å hylle dei som tek med norsk litteratur ut til resten av verda.
Fosseprisen for omsetjarar
- 2026: Paula Stevens, Nederland
- 2025: Hinrich Schmidt-Henkel, Tyskland
Fosseforedraget
- 2026: Marilynne Robinson, USA
- 2025: Jean-Luc Marion, Frankrike
Kronprinsesse Mette-Marit er kongeleg beskyttar for både Fosseprisen og Fosseforedraget.








