Hopp til innholdet

Fylkestur i Vestland

Hans Majestet Kong Harald starta den tre dagar lange fylkesturen i Etne, heilt sør i Vestland fylke. Kommunen har ein viktig plass i historia vår, og på programmet stod eit utdrag frå sogespelet om kongen frå Etne og far hans, Erling Skakke.

25. mai 2026

Elevar står langs vegen med store flagg. I fjorden ligg Kongeskipet.
Elevar på 9. trinn på Enge og Skånevik skuler står med flaggborg når Kongeskipet kjem inn fjorden. Foto: Ola Vatn, Det kongelege hoffet

Stødle kyrkje skapte dei perfekte kulissane for sogespelet – ei kyrkje Erling Skakke lét byggje på 1100-talet. Kyrkja er bygd på og restaurert fleire gonger.

Eksteriør kyrkja.
Kong Harald besøkjer Stødle kyrkje. Foto: Ola Vatn, Det kongelege hoffet
Utdrag frå sogespelet.
Ansgar Øvernes Hatteland spelar den unge Kong Magnus. Foto: Ola Vatn, Det kongelege hoffet
Kong Harald sit på ein stol mellom benkeradene.
Kong Harald besøkjer Stødle kyrkje. Foto: Ola Vatn, Det kongelege hoffet
Oversiktsbilete av kyrkjerommet.
Utdrag frå sogespelet "Kongen frå Etne" i Stødle kyrkje. Foto: Ola Vatn, Det kongelege hoffet
På ein haug, med utsikt over ein fjord, står eit kor på over 20 damer. Alle er kledde i bunad eller andre fine klede.
Skakkekoret syng «Etne, du fagre» utanfor Stødle kyrkje. Foto: Ola Vatn, Det kongelege hoffet

Erling Skakkes rike

Stormannen Erling Skakke var far til barnekongen Magnus 5. Erlingsson, som vart krona i Bergen sju år gammal. Med kroninga følgde også ei ny tronfølgjelov som skulle sikre samling om éin konge, basert på slektskap og blodsband. Medan sonen var mindreårig, var Erling den reelle riksstyraren i Noreg.

Det historiske dramaet av Johannes Heggland skildrar den turbulente maktkampen på 1100-talet mellom Erling Skakke og sonen hans, kong Magnus Erlingsson.

Kongen smiler frå sin plass.
Kong Harald besøkjer Etne. Foto: Ola Vatn, Det kongelege hoffet

Turen gjekk vidare til aktivitetsparken ved Skakke kulturhus og Enge ungdomsskule, som har fått det treffande namnet Skakkeringen. Over 1000 etnebuar vart samla. 

– Eg har berre vore her ein liten time, men vassar så å seie allereie til knes i historie, sa Kong Harald i talen sin i Skakkeringen.

Kongen framheva Etnes rike kulturhistorie, den vakre naturen, det sterke lokalsamfunnet med dugnadsånd og fotballcup. I over 40 år har samfunnet på drygt 4000 innbyggjarar klart å samle 2000 til fotballcup.

– Historia er éin ting. Det er både viktig og bra at de veit å ta vare på historia dykkar her i Etne, og eg håpar alle barn og unge her lærer litt ekstra om henne på skulen. Men det er her og no de lever – i eit sprell levande samfunn, sa Kong Harald.

Det står hundrevis av barn og vaksne framfor ei scene.
Arrangement i Skakkeringen. Foto: Ola Vatn, Det kongelege hoffet
Kongen står ved talerstolen, foran en mikrofon. Han har blå jakke og talekort i hendene.,
Kong Harald talar i Etne. Foto: Liv Anette Luane, Det kongelege hoffet
Andrine står i bunad medan ho spelar.
Andrine Grindheim (16) spelar eufonium under arrangementet i Skakkeringen. Foto: Ola Vatn, Det kongelege hoffet
Elevar i bunad.
Alle elevane frå ungdomsskulane dansar "linedance" til musikk frå det lokale bandet Makalaust. Foto: Ola Vatn, Det kongelege hoffet
Raun spelar på bassgitar ikledd Hardangerbunad.
Raun Hesjedal på bassgitar. Foto: Ola Vatn, Det kongelege hoffet
To vaksne kvinner og ei jente står med ein plakat der det står «Me digge Kongen».
Kong Harald besøkjer Etne. Foto: Ola Vatn, Det kongelege hoffet

Segla inn fjorden med Kongeskipet

I Skakkeringen var det velkomsttale ved ordførar Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim og eit kulturprogram med musikk, dans og diktlesing.

Kong Harald helsa frå Dronning Sonja og sa at ho hadde gleda seg til å kome, men dessverre måtte bli heime.

Kongen gjekk i land i Etne hamn med sjalupp frå Kongeskipet Norge, som han nyttar under fylkesturen. 

I morgon går turen vidare til Samnanger og Vaksdal, medan Askvoll står for tur siste dagen. Kongen besøker fire kommunar han ikkje har vore på offisielt besøk i tidlegare.

Kong Harald tar imot blomar av Maja, medan Einar står klar med sine blomar.
Kong Harald får blomar av Maja Håvardsen (9) og Einar Smàri Nilsen (10). Foto: Liv Anette Luane, Det kongelege hoffet
Folk i fine
Folk på plass når Kong Harald kjem til Etne. Foto: Ola Vatn, Det kongelege hoffet