Fylkestur til Nordland
Måndag innleidde DD.MM. Kongen og Dronninga ein fire dagars fylkestur i Nordland. Kongeparet nyttar Kongeskipet under reisa, og måndag ettermiddag la K/S Norge til ved Alstahaug.
17. juni 2008
Kongeparet vart ønskt velkommen til Nordland utanfor Petter Dass-museet på Alstahaug, tusenårsstaden i Nordland, av fylkesmannen, fylkesordføraren og ordførarane i kommunane som vil bli besøkte under reisa: Alstahaug, Træna, Lurøy, Rødøy, Meløy og Gildeskål.
Kong Harald og Dronning Sonja fekk ei omvising i Petter Dass-museet, før følgjet drog vidare til orgelkonsert i Alstahaug kyrkje.
Træna
Tysdag morgon kom Kongeskipet til Træna. Her fekk Kongen og Dronninga sjå Petter Dass-kapellet, før Kongeparet opna den nye kommunale leikeplassen i Træna. I talen sin framheva Kongen den kollektive innsatsen bak leikeplassen:
"At dugnadsånda og det kollektive ansvaret er sterkt til stades, er òg denne fine leikeplassen eit uttrykk for. Dette er eit helt spesielt anlegg, i og med at alle som bur her, har bidrege med kunnskapen sin og dyktigheita si."
Etter opninga av leikeplassen reiste Kongeparet vidare til Træna sjuke- og aldersheim, der dei blant andre bebuarar fekk helse på 100 år gamle Alfrid Langeskjær.
Lovund
Om ettermiddagen reiste Kongen og Dronninga vidare til Lovund i Lurøy kommune. Her var Kongeparet først til stades ved eit festarrangement i den nye barnehagen, der Kong Harald planta eit tre utanfor.
Seinare var det tid for ei omvising i Kystkultursenteret og ei orientering om lokalt næringsliv, før Kongeparet drog til Naustholmen industripark. Her blir det drive oppdrett av laks og torsk, i tillegg til produksjon av fiskemjøl, fiskeolje og isoporkassar.
Etter besøket ved Naustholmen forlét Kongeparet Lovund og gjekk om bord i redningsskøyta ”Harald V”, som frakta dei til Lurøy.
Lurøy
Etter ei offisiell mottaking spaserte Kong Harald og Dronning Sonja opp til kystkvinnebautaen og minnebautaene over omkomne på havet, der Kongeparet la ned krans.
Deretter gjekk turen til ”Antonettastua”, der Kongen og Dronninga fekk ei orientering og ei omvising av leiaren i Kystlaget. Besøket i Lurøy vart avslutta med eit Kulturarrangement i Lurøy kyrkje.
Om kvelden segla Kongeskipet vidare, mot neste stopp på Fylkesturen – Selsøyvik i Rødøy kommune.
Nordland 2008 1









