Hopp til innholdet

Gratulerer med dei første hundre åra!

Hennar Majestet Dronning Sonja deltok under festgudstenesta som markerte 100-årsjubileet til Mindekyrkja i Minnesota søndag.

17. oktober 2022

Dronninga fekk blomster da ho kom til Mindekyrkja. Foto: Simen Sund, Det kongelege hoffet

Mindekyrkja vart etablert i 1922 av Norwegian Lutheran Church of America. Kyrkja er ei av to kyrkjer i USA som framleis har liturgi på norsk, og ho er ein hjørnestein i det norskamerikanske miljøet i Minneapolis og omland. Det er fleire norskætta i dette området enn nokon annan stad i USA.

Mindekyrkjas eige kor song under festgudstenesta. Foto: Simen Sund, Det kongelege hoffet

Dagens festgudsteneste vart leia av pastor Gunnar Kristiansen, og biskop Olav Fykse Tveit, preses i Den norske kyrkja, var gjestetalar. Det vart fleire musikalske innslag, blant anna frå Mindekyrkjas eige kor og besøkjande VocalART frå Bodø.

Kyrkjekaffi

Etter gudstenesta var det kyrkjekaffi. Dette eit fint høve for kyrkjelyden og venner av Mindekyrkja til å komme saman og føre vidare den norske tradisjonen denne kyrkja er ein så viktig del av.

Kyrkjekaffi er ein viktig tradisjon som byggjer samhald og kultur. Foto: Simen Sund, Det kongelege hoffet

Dronning Sonja heldt tale for jubilanten:

– Da ho vart etablert for 100 år sidan, kunne ei norsktalande kyrkje bidra til å byggje lokalsamfunn, halde oppe kulturelle tradisjonar og halde norsk språk ved like. Det er flott å sjå at hundre år seinare oppfyller Mindekyrkja framleis dette formålet, sa Dronninga.

Dronninga løfta òg fram innsatsen til dei frivillige som kyrkja er så avhengig av.

– Institusjonar som Mindekyrkja er fullstendig avhengige av at folk stiller opp og gjev av tida si og det harde arbeidet sitt. Eg vil takke dei uvurderlege frivillige for innsatsen dykkar!

Feiringa av Mindekyrkja avslutta det offisielle besøket til Hennar Majestet Dronninga i Minnesota.

Dronning Sonja med Noregs ambassadør til USA, Anniken Ramberg Krutnes, som har stått for fleire arrangement under besøket til Dronninga. Foto: Simen Sund, Det kongelege hoffet

Minnesota 2022: Mindekirken

Dronning Sonja kjem til Mindekyrkja. Foto: Simen Sund, Det kongelege hoffet
Mindekirkens eget kor sang under festgudstjenesten. Foto: Simen Sund, Det kongelige hoff
Festgudstjenesten ble ledet av pastor Gunnar Kristiansen. Foto: Simen Sund, Det kongelige hoff
Mindekirken i Minneapolis ble etablert i 1922 og feirer sitt 100-årsjubileum. Foto: Simen Sund, Det kongelige hoff
Dronninga fekk blomster da ho kom til Mindekyrkja. Foto: Simen Sund, Det kongelege hoffet
Presidenten for Mindekyrkja, Jeanette Henrikssen, viste Dronninga inn i kyrkjestua. Foto: Simen Sund, Det kongelege hoffet
Kyrkjekaffi er ein viktig tradisjon som byggjer samhald og kultur. Foto: Simen Sund, Det kongelege hoffet
Kyrkjekaffi er ein viktig tradisjon som byggjer samhald og kultur. Foto: Simen Sund, Det kongelege hoffet
Mindekyrkja er eit viktig samlingspunkt for norskætta i Minneapolis og omland. Foto: Simen Sund, Det kongelege hoffet
Dronning Sonja med Noregs ambassadør til USA, Anniken Ramberg Krutnes, som har stått for fleire arrangement under besøket til Dronninga. Foto: Simen Sund, Det kongelege hoffet