Kongen besøkte Samnanger og Vaksdal
Hans Majestet Kong Harald held fram fylkesturen til Vestland og besøkte i dag kommunane Samnanger og Vaksdal med fjord, fjell og dalar.
27. mai 2026

I føremiddag kom Kongeskipet Norge seglande inn Samnangerfjorden, og på kaia i Bjørkheim i Samnanger venta blomsterbarn, ordførar, statsforvaltar og politimeister.
Samnanger Skulemusikklag spela «Gammel jegermarsj» og hausta godord av konferansier Svein O. Aadland. Han viste til at hovudkorpset hevdar seg mot korps frå langt større kommunar i folketal. I år vann dei førsteplass i 2. divisjon janitsjar i Hordablæsten.
Kommunen hadde førebudd eit kulturelt program med blant anna norsk folkedans, vakker song og tale ved ordførar og konge. Vêret veksla mellom sol og regn. Samnanger har trass alt seks gulldråper i kommunevåpenet sitt for å vise grunnlaget for kraftproduksjonen i kommunen – fossefall og nedbør – noko Kongen også kom inn på i talen.
– Vi lever på mange måtar i ei litt for spennande verd no for tida. Det påverkar oss alle. Også mindre samfunn blir ramma av dei store hendingane ute i verda – spesielt når det kjem til kraft, energi og økonomi. Samnanger, som har vore ein kraftkommune i over 100 år, merkar sikkert også dette, sa Kong Harald.
– Her i Samnanger bur de tett på naturen og har alle føresetnader for å leve sunne og gode liv med fysisk aktivitet og naturopplevingar. Men for å ha det godt i livet må ein kjenne seg inkludert, føle at ein høyrer til og bli verdsett for den ein er. Også dette ser det ut til at de har arbeidd godt med i Samnanger, sa Kongen i talen.
I fjor var barneskulen i kommunen éin av 17 nominerte blant alle landets skular til å motta prisen som ber Dronningens namn, Dronning Sonjas skulepris.

Sterk industrihistorie i Vaksdal
Reisa gjekk vidare til nabokommunen Vaksdal i nord, som også har tradisjon for kraftproduksjon, med vasskraft som viktig ressurs. Men kanskje mest kjent er Vaksdal og Dale for tekstilproduksjonen som starta her i 1879. Kong Harald besøkte då også Dale of Norway og fekk gjensyn med mange av genserane som han og Dronning Sonja har vore uniformerte i under OL og VM opp gjennom – som del av Team Norway.
Lorents Tvedt har vore tilsett i Dale of Norway sidan 1980 og hadde fått i oppgåve å vise fram utstillinga til bedrifta. Kongen fekk også høyre historia om ei anna tradisjonsrik bedrift i kommunen – Vaksdal Mølle, som fram til første verdskrigen var det største mølleanlegget i Nord-Europa. Under besøket fortalde også idrettsrådet om arbeidet sitt for å sikre at alle barn kan delta i aktivitetar.
– I nyttårstalen i 2025 spurte Kongen kva me er takksame for. Me er takksame for dei frivillige som stiller opp veke etter veke – og for gratis lokale. Me er takksame for idrettslag som finn løysingar for at alle kan bli med, uansett økonomi eller bakgrunn. Me er takksame for eit lokalsamfunn der folk bryr seg om kvarandre og gjer bygda til ein god stad å bu. Og i dag er med takksame for at Dykkar Majestet tek seg tid til å møte oss, sa Knut Trefall, leiar Eksingedalen Idrettslag.

Besøkte Dale – bygda mellom fjella
Kong Harald starta besøket i Vaksdal ved Dale skule der mange av kommunen sine i underkant av 4000 innbyggjarar hadde samla seg i eit naturleg amfi, omgitt av bratte fjell på alle kantar. Det blei både framføring av den nye songen «Hjemmet mitt i nord», musikalske innslag frå vaksdalingar i alle aldrar og elevar som fortalde om dei dem bygdene i kommunen – Vaksdal, Dale, Stanghelle, Stamnes og Eksingedalen.
Les Kongens tale i Vaksdal her
I morgon besøker Kong Harald Askvoll kommune nordvest i fylket – som er siste stoppestad under årets fylkestur.















