Hopp til innholdet

Markerte 100-årsdagen for då Roald Amundsen nådde Nordpolen

Den Høgvørde Kronprins Haakon deltok i markeringa av den første ekspedisjonen som nådde Nordpolen 12. mai 1926 – på denne dagen for 100 år sidan.

12. mai 2026

Kronprins Haakon på rød løper, med direktør og styreleder på Frammuseet hakk i hæl.
Kronprins Haakon kjem til Frammuseet og markeringa av 100-årsjubileet for då Roald Amundsen nådde Nordpolen. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Roald Amundsen, saman med resten av ekspedisjonsmedlemene, forlét Ny-Ålesund med luftskipet «Norge» 11. mai 1926. Den 12. mai kl. 01.30 GMT nådde luftskipet Nordpolen, og etter tur vart det norske, amerikanske og italienske flagget sleppte ned på isen. Ekspedisjonen, med det offisielle namnet “Amundsen - Ellsworth - Nobile Transpolar flight”, heldt fram over Polhavet og landa i Teller i Alaska 14. mai, norsk tid.

Gjennom internasjonalt samarbeid og banebrytande ny teknologi nådde Roald Amundsen endeleg målet om Nordpolen og kunne kunngjere at ekspedisjonslivet hans var over.

Geir Kløver peikar på bilete og planjar.
Direktør på Frammuseet Geir O. Kløver viser Kronprins Haakon, statsminister Jonas Gahr Støre og styreleiar Christine Charlotte Akselsen rundt i den nye utstillinga som opnar i høve 100-årjubileet. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB
Svart-bilde av det enorme luftskipet.
Luftskipet "Norge" i Ny-Ålesund på Svalbard i 1926, føre ferda til Nordpolen. Foto: NTB
Portrettbilde av en eldre mann i varme klær.
Roald Amundsen (1872-1928). Foto: NTB/ARKIV

Dagen vart markert med jubileumsarrangement på Frammuseet i Oslo og opning av utstillinga “First at the North Pole – Roald Amundsen’s Flight in Norge Across the Arctic”. Statsminister Jonas Gahr Støre heldt jubileumstale.

Kong Haakon og Roald Amundsen i samtale på dekk.
Kong Haakon VII snakkar med Roald Amundsen om bord på polarskuta «Fram». Dronning Maud står til høgre for Kong Haakon. Fotografert 2. juni 1910. Foto: Wilse, Anders Beer / Norsk Folkemuseum

Kong Haakon støtta Roald Amundsen og ekspedisjonane hans, og nokre dagar før avreisa med «Fram» i 1910 kom Kong Haakon og Dronning Maud om bord i polarskipet for å ta avskjed og overrekkje gåver. I 1926 var Kong Haakon til stades for å ynskje polfararane velkomne heim etter flyginga over Nordpolen, og heldt tale til Roald Amundsen og mannskapet hans.