Medaljemottaking på Slottet
I dag var 24 mottakarar av Kongens Fortenestmedalje i mottaking på Det kongelege slottet. Det er tradisjon at medaljemottakarane blir ønskte velkommen til Slottet saman med kvar sin følgjesperson.
9. april 2024

Medaljemottakarane og følgjet deira vart først tekne med på ei lita omvising i nokre av dei finaste romma i Slottet, før dei vart ønskte velkommen av Hennar Majestet Dronninga, og Dei Høgvørde Kongelege Kronprinsregenten og Kronprinsessa.



Da alle var ønskte velkommen, gjekk Dronninga, Kronprinsparet og gjestene til bords i Store festsal, der det var servering, talar og musikalske innslag.
Kongens fortenestmedalje vart stifta av Kong Haakon VII 1. februar 1908. Han blir delt ut for innsats av særleg samfunnsgagnleg natur på område som kunst, kultur, vitskap, næringsliv og sosialt og humanitært arbeid.
Medaljemottakelse april 2024


