Hopp til innholdet

Som følge av Kong Haralds bortgang kan det forekomme en del feil på dette nettstedet en tid framover.

På skulebesøk i Spania

Dronning Sonja besøkte Den Norske Skolen Málaga i Arroyo de la Miel i Benalmádena. Her møtte ho elevar og tilsette og fekk eit innblikk i skulekvardagen og skulen si betydning for det norske miljøet på Costa del Sol.

30. oktober 2026

Alle blomsterbarna står klare med ein blomsterbukett.
Filip Eidhammer Jahl (7) bukkar djupt når han ønskjer Dronning Sonja velkommen til skulen sin. Elevrådsleiar Sara Swahlen (15) og Eva Lucia Garcia Kulseng (5) står også klare med blomar. Foto: Liv Anette Luane, Det kongelege hoffet

– Det var ein eineståande skule. Det er berre så ein skulle ønskje ein kunne gå på ein sånn skule då ein sjølv var liten, sa Dronning Sonja etter besøket.

Under det ein og ein halv time lange besøket var det velkomst ved elevrådsleiaren og dei yngste elevane på skulen, song og dans i skulegarden, presentasjon av mosaikkprosjektet til avgangselevane, framvising av elevarbeid og besøk til ulike klassar i samfunnsfag, musikk og kunst og handverk.

2., 3. og 5. trinn framfører songar i skulegarden «Patio». Foto: Lise Åserud / NTB
Rektor og Dronning Sonja smiler bredt mens de klapper.
Elevane ved Den Norske Skolen Málaga får applaus frå Dronning Sonja og rektor Trude Jahren. Foto: Lise Åserud / NTB
I skulegarden viser assisterande rektor Marie Cygnel-Sennerby mosaikkarbeid som er laga av avgangselevane. Foto: Lise Åserud / NTB
Dronning Sonja held opp eit ark med ein sjøhest og ei sjøstjerne på. Ein ung gut sit framfor ei ramme i treverk, med eit garnnøste i handa.
4. og 8. trinn jobbar med temaet «havet» og skaper eit bilete inspirert av tradisjonell vev og handknyting. Foto: Liv Anette Luane, Det kongelege hoffet

Skulen er ein privat grunnskule med 125 elevar. Han ligg 10–15 km sørvest for Málaga by. Skulen blei etablert i 1989 og tilbyr undervisning for elevar frå 1. til 10. trinn. Skulen følgjer norsk læreplan.

Elevar frå 9. trinn spelar ukulele. Foto: Lise Åserud / NTB

I går kveld opna Dronning Sonja utstillinga «Munch-Picasso» på Museo Picasso Málaga. Utstillinga viser Munch og Picasso i dialog og utforskar samband mellom dei to verdskjende kunstnarane.