Hopp til hovedinnhold

Kongeleg bryllaup 2001

H.K.H. Kronprins Haakon og Mette-Marit Tjessem Høiby gifta seg i Oslo Domkyrkje den 25. august 2001.

Biskop Gunnar Stålsett forretta ved vigselen, og den samiske artisten Mari Boine song. Betina og Emilie Swanstrøm, Kamilla og Anniken Bjørnøy og Tuva Høiby var brudepiker. Marius Borg Høiby var brudegutt.

Brurekjolen

Brurekjolen til Kronprinsessa var eit samarbeidsprosjekt mellom brura, designar Ove Harder Finseth og syerske Anna Bratland. Han var laga av tjukk silkecrêpe og mjukt silketyll, spesialfarga i ecru. Skjørtet var utskrådd med to meter langt slep, inspirert av kjolar frå dronning Maud.

Diademet Kronprinsessa bar, er frå 1910, ei gåve frå DD.MM. Kongen og Dronninga.

Brurebuketten

Ideen til brurebuketten vart utvikla i nært samarbeid mellom brura og Aina Nyberget Kleppe, dagleg leiar av Passiflora AS i Oslo. Han var sett saman av Ceropegia Woodii (marmorlanterne), Wandaorkide (Phalanopis orkide), Hydrangea (hortensia), roser i rosa og lilla tonar, bjørnegras, perler og trådar av metall.

Gifteringane til brureparet vart laga i samarbeid med smykkekunstnar Ester Helén Slagsvold og var ei gåve frå Norges Gullsmedforbund.

Musikk under vigselen

Følgende vart framført under vigselen:

  • Brudemarsj. Komponist: Nils Henrik Aasheim
  • Versikkel for kor og orgel. Komponist: Trond Kverno
  • Mitt hjerte alltid vanker. Framført av Mari Boine
  • Herre over alle slekter. Tekst: Roald Fangen. Melodi: Terje Kvam
  • Utmars: Gamal bruremarsj fra Nord-gudbrandsdal. Framført og arrangert for saksofon av Jan Garbarek, arrangement for orgel ved Kåre Nordstoga

Festmiddagen

Til festmiddagen på Slottet var representantar frå europeiske kongehus til stades, i tillegg til det offisielle Noreg, organisasjonar, familie og venner. Parallelt var det festmiddag i Oslo Militære Samfund.

  • Brurevals: Around the World. Komponist: Victor Young
18.01.2013