Medaljemottaking på Slottet
Det er tradisjon å invitere mottakarar av Kongens fortenestmedalje til Slottet, men i to år gjorde pandemien det umogleg å gjennomføre arrangementet. I dag kunne Kongeparet igjen invitere til medaljemottaking.
Dei 39 medaljemottakarane og følgjet deira vart først tekne med på ei lita omvising i nokre av dei finaste romma i Slottet, før dei vart ønskte velkommen av Hans Majestet Kongen og Hennar Majestet Dronninga i Lille festsal.
Kongens fortenestmedalje vart stifta av Kong Haakon VII 1. februar 1908. Han blir delt ut for innsats av særleg samfunnsgagnleg natur på område som kunst, kultur, vitskap, næringsliv og sosialt og humanitært arbeid.
Karen Marie Auråker Ellefsen har fått Kongens fortenestmedalje og var blant gjestene på Slottet. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
Hilde Bjørkum frå Førde i Vestland, følgd av Per Vassbotn, helsar på Kongeparet. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
Inger Lise Rypdal har fått Kongens fortenestmedalje. Ho vart følgd til mottakinga av Kjetil Swirstra Bie. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
Da alle var ønskte velkommen, gjekk Kongeparet og gjestene til bords i Store festsal, der det var servering, talar og musikalske innslag.
Aktuelle saker
Gratulerer med dagen!
Kongefamilien kunne hilse barnetoget i Oslo fra Slottsbalkongen i strålende vårsol i dag. Rundt 120 skoler går i toget i år, og jubileumsskolen Hovseter førte an.
Utnevnelse til St. Olavs Orden
H.M. Kongen har utnevnt artist, komponist, pianist og forfatter Ingrid Bjørnov, Tomter til Kommandør av Den Kongelige Norske St. Olavs Orden.