Hopp til hovedinnhold

Utnemningar til St. Olavs Orden

H.M. Kongen har utnemnt professor Fredrik Thomas Weibye Barth til Kommandør og professor Holger Ursin til Riddar 1. klasse av Den Kongelege Norske St. Olavs Orden.

10.12.2008

Professor, Dr. philos. Fredrik Thomas Weibye Barth, Oslo

H.M. Kongen har utnemnt Fredrik Thomas Weibye Barth til Kommandør av Den Kongelege Norske St. Olavs Orden for innsatsen hans innan sosialantropologi.

Ordensrådet har i vurderinga si lagt vesentleg vekt på den viktige vitskaplege innsatsen hans som antropolog og etableringa av moderne sosialantropologi som universitetsfag. Vidare er det òg lagt stor vekt på den svært omfattande sosialantropologiske forskinga hans og det ho har hatt å seie for det internasjonale forskarmiljøet.

Dekorasjonen vil bli overrekt ved eit arrangement i Det Norske Vitenskapsakademi, Oslo laurdag den 13. desember 2008 kl 19:00 av Kansellisjef Egil Vindorum.

Professor, dr.med. Holger Ursin, Søreidgrend

H.M. Kongen har utnemnt Holger Ursin til Riddar 1. klasse av Den Kongelege Norske St. Olavs Orden for innsatsen hans for forsking og utdanning.

Ordensrådet har i vurderinga si lagt stor vekt på den mangesidige innsatsen hans for samfunnsliv og forsking. Han har gjort ein stor innsats som nettverksbyggjar på tvers av helseprofesjonar og som nyskapande forskar. Det forskarmiljøet han har evna å byggje, har vore i fremste rekkje på den internasjonale arenaen. Stor vekt er òg lagt på at han er ein framtidsretta forskarutdannar og formidlar av komplekse vitskaplege samanhengar.

Dekorasjonen vil bli overrekt ved et arrangement ved Universitetet i Bergen, tysdag den 6. januar 2009 kl 13:00, av Fylkesmannen i Hordaland, Svein Alsaker.

Relaterte lenker