Hopp til hovedinnhold

Utnemning til St. Olavs Orden

H.M. Kongen har utnemnt professor dr.med. Ole Didrik Saugstad, Oslo, til Riddar 1. klasse av Den Kongelege Norske St. Olavs Orden for innsatsen hans for barnemedisinsk forsking.

21.05.2010

H.M. Kongen har i vurderinga si lagt vesentleg vekt på at Saugstads innsats innan nyføddmedisin i stor grad har medverka til betre og meir korrekt behandling av sjuke nyfødde.

Overrekking

Dekorasjonen vil bli overrekt ved ei markering på Rikshospitalet måndag 31. mai 2010 klokka 12.30.

Relaterte lenker

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter