Hopp til hovedinnhold

Utnemning til St. Olavs Orden

Hans Majestet Kongen har utnemnt tidlegare direktør og professor Asbjørn Eide, Oslo, til Riddar 1. klasse av Den Kongelege Norske St. Olavs Orden for samfunnsinnsatsen hans.
09.08.2010

Kongen har i vurderinga si lagt vesentleg vekt på Eides arbeid for freds- og konfliktforsking og det mangeårige arbeidet hans for menneskerettane, medrekna arbeidet hans for minoritetane.

Overrekking

Dekorasjonen vil bli overrekt i Teatersalen på Hotel Continental i Oslo, onsdag den 25. august kl. 16.00.

Relaterte lenker

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter