Hopp til hovedinnhold

Dronningen til Bergen og FolkOrgs jubileumskonsert i Grieghallen

H.M. Dronning Sonja er til stede under FolkOrgs jubileumskonsert i Grieghallen 14. oktober 2023.

Presseinvitasjon fra Statsforvalteren i Vestland:

Dronningen ankommer Grieghallen klokken 19.25 og går inn i salen for konsert med 1,5 times varighet.

Etter konserten vil Dronningen hilse på noen av artistene før hun forlater Grieghallen.

Pressen er selvsagt invitert. Presseprogram vil bli sendt til påmeldte fotografer/journalister.

Se nederst for akkreditering. 

Velkommen til FolkOrg store jubileumsfeiring i Bergen

100 år med folkemusikk!

Vi feirar 100 år! Folkemusikken har levd i uminnelege tider, men for 100 år sidan fekk vi ein organisasjon som sette miljøet og musikken på kulturkartet.

I 1923 vart nemleg Landslaget for Spelemenn stifta i Bergen, med Arne Bjørndal som første formann. Målet var å styrke dei lokale folkemusikktradisjonane, og arbeide for både bevaring og vidareføring. Sidan den gongen har organisasjonen jobba jamt og trutt for folkemusikken og folkedansen i Noreg. I motgang og medgang har Landslaget, seinare FolkOrg, ivra for felespel, langeleik, lokk og lur, hardingfele, munnharpe, halling, stevtonar, slåttemusikk, gammaldans og bygdedans. I 100 år har dette landslaget halde på, aldri gitt opp, og større og sterkare enn nokon gong kan dei presentera det ypparste av folkemusikk og folkedans i ein forrykande jubileumskonsert i Grieghallen 14. oktober.

Unik jubileumskonsert!

100-årsjubileet skal feirast med brask og bram, vi ynskjer å vise fram eit tidsbilete av det beste den norske folkemusikken byr på i 2023. Feiringa av 100-årsjubilanten toppast med verdas største juniorspelmannslag – med 100 born på scena!

På den store scena i Grieghallen har FolkOrg fått Kultivator til å setje opp ein heilt unik konsert. Her får du oppleve heile bredden innan folkemusikk og folkedans, med eit stort spekter av landets beste utøvarar. Totalt vert det over 150 musikarar og dansarar på scena. Solistane er namnspurte og aktive musikarar, og vi får oppleve både rekruttar, kappleik- og landsfestivalvinnarar, folkelarmvinnarar, fleire av dei utnemnde til årets folkemusikar og heidersmedlemmar i organisasjonen.

Du kan lese om alle dei ulike arrangementa denne helga og sjå kven som skal delta på jubileumskonserten på www.folkorg.no.

Presseakkreditering

Presse som ønsker å dekke Dronningens tilstedeværelse/arrangementet må akkreditere seg til:

Edvard Høgestøl
Statsforvalteren i Vestland
E-post: [email protected]
Tlf: 913 83 573

Frist for akkreditering er torsdag 12. oktober klokken 16.00.

For spørsmål om FolkOrg, jubileet og arrangementet ellers, ta gjerne kontakt med FolkOrg:

Aslak Brimi
Dagleg leiar i FolkOrg
Tlf: 909 69 383
E-post: [email protected]

Ann Helen Erichsen
Prosjektleiar
Tlf: 957 73 200
E-post: [email protected]

 

06.10.2023

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook