Bordet dekkes til offisiell lunsj. Foto: Simen Løvberg Sund, Det kongelige hoff
Det kongelege hoffet
Det kongelege hoffet hjelper Kongefamilien i utøvinga av virket deira. Hoffet skal òg sørgje for ei rasjonell drift og forvaltning av Det kongelege slottet og andre kongelege eigedommar, eigedelar og fond. Det kongelege hoffet spenner svært vidt i yrkesgrupper og gjeremål. Hans Majestet Kongens valspråk, ”Alt for Noreg”, er Hoffets visjon.