Hopp til innholdet

Kronprinsparet i Skjåk

Forholdet til Ottavassdraget stod sentralt da Kronprinsparet besøkte Skjåk i føremiddag. Elva byr på næringsliv og rekreasjon – men kan òg vere farleg.

18. september 2019

Kronprinsparet besøker Skjåk. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix

Ottavassdraget renn gjennom dalen og gjev grunnlag for både næringsliv og fritidsaktivitetar i Skjåk. Men elva kan òg by på utfordringar. Det var dramatisk da Ottavassdraget gjekk over sine breidder i oktober 2018. Det er stadig merke etter flaumen, noko Kronprins Haakon fekk høyre meir om da han kom til Ofossen Mølle i føremiddag.

Ordførar Elias Sperstad fortalde Kronprins Haakon om flaumen som ramma Skjåk i 2018. Foto: Marius Gulliksrud, Stella Pictures

Regn og kraftig snøsmelting førte til at vatnet steig med over ein meter på kort tid. Mange hus stod omringa av vatn, og eit stort hyttefelt vart isolert da Dyringsbrua vart teken av vassmassane. Ordførar Elias Sperstad fortalde om flaumen og viste bilete frå Skjåk den gongen.

– Vi følte verkeleg med dykk og følgde dykk tett da flaumen herja i fjor haust, fortalde Kronprins Haakon i talen sin seinare på dagen. – Vi følgde arbeidet, motet dykkar, dei nesten uverkelege bileta – og den iherdige innsatsen dykkar i etterkant – som framleis ikkje er heilt avslutta.
– Eg veit det har kravd mykje av mange av dykk, og de skal vite at vi beundrar både haldninga og innsatsen dykkar.

Seinare på dagen fekk Kronprinsparet høve til å møte Signe og Torvald Bakken, som vart evakuerte den gongen i 2018 – og mannskap frå Raudekrossen som deltok i redningsaksjonen.

Kronprinsparet helsar på mannskap frå Raudekrossen som deltok i redningsarbeidet under flaumen i 2018. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix

Ofossen Mølle

Ved Ofossen Mølle blir merkevarene Skjåkmjøl og Skjåkgryn produserte. Her bruker dei lokale råvarer, med mjøl og gryn frå gardar i distriktet. Produkta frå Skjåkmølla har vorte tildelte kvalitetsstempelet "Spesialitet Noreg" av KSL Matmerk.

Den første mølla i Ofossen vart sett opp i 1875, og sidan har det vore samanhengande drift her. Kronprins Haakon fekk ei omvising i dagens produksjonslokale og høve til å smake på ein av dei lokale spesialitetane, byggrynsgraut.

Rafting

Rafting er ein populær aktivitet, og Ottaelva byr på sjansar for både dette og andre former for vass-sport. Kronprinsparet heldt seg på land i dag, men fekk sjå raftarar i aksjon på elva. Det var raftarar frå Skjåk Adventure som demonstrerte korleis det skal gjerast.

Skjåk Adventure demonstrerer rafting i Otta for Kronprinsparet. Foto: Guri Varpe, Det kongelege hoffet

"Vatn i Skjåk"

Frå Ofossen Mølle gjekk turen til Bismo, som er administrasjonssenteret i Skjåk, og Jotunheimen Veterankøyretøyklubb stod for transporten. Her besøkte Kronprinsparet Skjåk barne- og ungdomsskule.

Kronprinsparet kjem til Skjåk barne- og ungdomsskule. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix

På skulen var det stilt ut elevarbeid Kronprinsen og Kronprinsessa fekk sjå. Arbeida hadde "Vatn i Skjåk" som tematikk og viste ulike sider av forholdet mellom bygda og elva – på godt og vondt. Kronprinsparet vart viste rundt på skulen av rektor Trude Teigen og besøkte òg avdelinga for spesialpedagogikk og leikeområdet.

Kronprins Haakon peika på forholdet til elva da han heldt tale mot slutten av besøket:

– Vatnet som av og til skaper store problem når det blir altfor mykje av det på éin gong, er jo samtidig livsnødvendig – noko de er svært medvitne om her i Skjåk og har jobba mykje med. Kor viktig vatnet er både for næringsutvikling og for rafting i elva, har det vore veldig fint å lære meir om.

Kronprinsparet snakkar med Reodor Bruland (6) og Heidi Jevnheim under besøket på Skjåk barne- og ungdomsskule. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix

Etter å ha styrkt seg på spekemat og rømmegraut drog Kronprinsen og Kronprinsessa vidare mot neste stopp på fylkesturen: Lom.

Oppland 2019: Skjåk

Kronprins Haakon og Kronprinsesse Mette-Marit besøkte seks kommuner i Oppland i løpet av tre dager i september 2019. Reisen gikk til Dovre, Lesja, Skjåk, Lom, Vågå og Sel. Foto: Simen Løvberg Sund, Det kongelige hoff
Raftere fra Skjåk Adventure demonstrerte sporten for Kronprinsparet. Foto: Tom Hansen, Hansenfoto.no
Kronprinsparet besøker Skjåk. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix
Signe Bakken og Torvald Bakken måtte evakuere under flommen i Skjåk. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix
Kronprins Haakon får fylle en pose Skjåkmjøl sammen med ordfører Elias Sperstad. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix
Kronprinsparet med leder av ungdomsrådet i Skjåk, Helene Rustad, og elevrådsleder Bård Bårdseng. Foto: Simen Løvberg Sund, Det kongelige hoff
Kronprinsparet hilserl på Reodor Bruland (6) på Skjåk skule. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix

Oppland 2019

Kronprinsparet var på fylkestur i Oppland 17. til 19. september, og besøkte kommunene Dovre, Lesja, Skjåk, Lom, Vågå og Sel. Her kan du følge reisen i bilder.

Dovre var reisens første mål, og Kronprinsparet ville gjerne ta noe av den fantastiske naturen her i øyesyn. De la i vei opp mot Viewpoint Snøhetta. Foto: Tom Hansen, Hansenfoto.no
Langs stien finnes steinheller med informasjon om Dovrefjell og områdets lange historie. Foto: Tom Hansen, Hansenfoto.no
To "reisende langs stien" - i Martin Hjerkind og Kirsti Vik Hjerkinds skikkelser - fortalte om fjellstuene på Dovrefjell. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix
Mange dovringer slo følge med Kronprinsparet opp mot Tverrfjellhytta. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix
Vel oppe ved Viewpoint Snøhetta møtte en fantastisk utsikt Kronprinsparet. Foto: Tom Hansen, Hansenfoto.no
Kronprinsparet ved Viewpoint Snøhetta. Foto: Tom Hansen, Hansenfoto.no
Kronprinsparet ved Viewpoint Snøhetta. Foto: Tom Hansen, Hansenfoto.no
Kronprinsparet ved Viewpoint Snøhetta. Foto: Tom Hansen, Hansenfoto.no

Viser 8 av 76