Hopp til innholdet

Verdsmeistrane i Lesja

Den Høgvyrde Kronprinsen og Kronprinsessa tok på arbeidstøy og stilte til dugnad i Lesja. Lesjingane er verdsmeistrar i frivillig innsats.

17. september 2019

Kronprinsparet bidro med vedstabling under dugnaden på Lesja Bygdemuseum. Foto: Tom Hansen, Hansenfoto.no

Frivilligheita står sterkt i Noreg. Men ingen stader står den så sterkt som i Lesja kommune, som har lege på landstoppen innan frivilligheit gjennom ei årrekkje. Og sidan Noreg ligg på verdstoppen i dette, påpeika Kronprins Haakon, må jo det bety at lesjingane er verdsmeistrar i frivillig innsats.

Da var vel ingenting meir naturleg enn å ta på arbeidstøy og stille til dugnad. Kronprinsparet og dei andre gjestene vart sette i sving med raking, vedstabling og andre gjeremål på Lesja bygdemuseum.

Kronprinsparet bidrog med vedstabling under dugnaden på Lesja bygdemuseum. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix

13 tømmerhus frå 1700- og 1800-talet er samla i friluftsmuseet. Husa er henta frå gardar i Lesja. Her er òg utstillingar, gjerne knytte til lokale tradisjonar og handverk. Kvar sommar er fleire hundre frivillige i sving på museet, dei smir i smia og baker i eldhuset. Her fekk også Kronprinsparet prøve seg. Under kunnig rettleiing frå Marie Jøndal og Grethe Stavheim Mømb fekk dei begge prøve seg på lefsebaking.

Marie Jøndal lærer Kronprinsen å bake lefse. Foto: Guri Varpe, Det kongelege hoffet

Det er mange positive sider ved frivilligheit og dugnadsinnsats, understreka Kronprins Haakon da han talte i Lesja:

– Det er sosialt, det er meiningsfylt, det bidreg til fellesskapet, og det gjev oss ei kjensle av å høyre til. Det gjer noko med oss innanfrå. Vi blir meir opptekne av å ta vare på det vi investerer tid og engasjement i. Når vi gjer noko saman som fleire er engasjerte i, blir haldningane våre påverka – og lysta til å gjere ein ekstra innsats blir styrkt, fordi arbeidet blir opplevd som viktig. Det er ein positiv spiral. Vi forandrar og styrkjer samfunnet bit for bit – og det begynner inni kvar og ein av oss, gjennom det vi skaper saman.

Lesja kyrkje

Kyrkja i Lesja er ei vakker korskyrkje frå 1749. Kronprins Haakon fekk sjå nærare på kyrkja og den flotte altertavla, som er rekna som eit meisterverk innan norsk kyrkje- og treskjerarkunst. Det var treskjeraren Jakob B. Klukstad som laga altertavla, som seinare har vorte restaurert.

Kronprins Haakon besøkjer Lesja kyrkje, der 50 barn song for Kronprinsen. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix

Frida Gangsås på 16 år viste Kronprinsen omkring i kyrkja, før barn og unge strøymde inn i kyrkja, der dei song Lesjasongen.

Kronprinsen med barna som song for han utanfor Lesja kyrkje. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix

Held fram til Skjåk

I morgon held fylkesturen til Kronprinsparet fram. Da er det kommunane Skjåk og Lom som står for tur.

Oppland 2019: Lesja

Kronprins Haakon og Kronprinsesse Mette-Marit besøkte seks kommuner i Oppland i løpet av tre dager i september 2019. Reisen gikk til Dovre, Lesja, Skjåk, Lom, Vågå og Sel. Foto: Simen Løvberg Sund, Det kongelige hoff
Kronprinsparet bidro med vedstabling under dugnaden på Lesja Bygdemuseum. Foto: Tom Hansen, Hansenfoto.no
Kronprinsesse Mette-Marit ankom Lesja bygdemuseum med traktor. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix
Kronprinsparet bidro med vedstabling under dugnaden på Lesja Bygdemuseum. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix
Kronprinsparet bidro med vedstabling under dugnaden på Lesja Bygdemuseum. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix
Marie Jøndal viser hvordan det skal gjøres. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix
Marie Jøndal og Grethe Stavheim Mømb lærte Kronprinsparet om å bake lefse. Foto: Guri Varpe, Det kongelige hoff
Kronprins Haakon fikk også anledning til å besøke vakre Lesja kirke. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix
Seksten år gamle Frida Gangsås Hole var Kronprinsens guide under besøket i kirken. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix
Kirken er fra 1749 og vakkert utsmykket. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix

Oppland 2019

Kronprinsparet var på fylkestur i Oppland 17. til 19. september, og besøkte kommunene Dovre, Lesja, Skjåk, Lom, Vågå og Sel. Her kan du følge reisen i bilder.

Dovre var reisens første mål, og Kronprinsparet ville gjerne ta noe av den fantastiske naturen her i øyesyn. De la i vei opp mot Viewpoint Snøhetta. Foto: Tom Hansen, Hansenfoto.no
Langs stien finnes steinheller med informasjon om Dovrefjell og områdets lange historie. Foto: Tom Hansen, Hansenfoto.no
To "reisende langs stien" - i Martin Hjerkind og Kirsti Vik Hjerkinds skikkelser - fortalte om fjellstuene på Dovrefjell. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix
Mange dovringer slo følge med Kronprinsparet opp mot Tverrfjellhytta. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix
Vel oppe ved Viewpoint Snøhetta møtte en fantastisk utsikt Kronprinsparet. Foto: Tom Hansen, Hansenfoto.no
Kronprinsparet ved Viewpoint Snøhetta. Foto: Tom Hansen, Hansenfoto.no
Kronprinsparet ved Viewpoint Snøhetta. Foto: Tom Hansen, Hansenfoto.no
Kronprinsparet ved Viewpoint Snøhetta. Foto: Tom Hansen, Hansenfoto.no

Viser 8 av 76