Hopp til innholdet

Som følge av Kong Haralds bortgang kan det forekomme en del feil på dette nettstedet en tid framover.

Kong Harald V si båre i Slottskapellet

Kong Harald sine barn og barnebarn førte i dag båra i prosesjon frå Den røde salong på Slottet og til Slottskapellet. Båra skal stå i kapellet fram til gravferdsdagen.

31. august 2026

Båreprosesjonen, adjutantstaben og tilsette i espalier, sett frå galleriet i Store festsal.
Barn og barnebarn førte Kong Harald si båre gjennom Slottet. Foto: Javad Parsa / NTB

Kong Harald si båre vart ført gjennom dei vakraste salane på Slottet i ein høgtideleg seremoni.

Prosesjon gjennom Slottet

Hans Majestet Kong Haakon og Den Høgvørde Kronprinsesse Ingrid Alexandra gjekk fremst og førte båra gjennom Gule salong, Speilsalen, Daglige spisesal, Lille festsal og Store festsal.

Hennar Majestet Dronninga og Dronning Sonja gjekk òg i prosesjonen, som vart leidd av Hans Majestet Kongen sin hoffsjef. Han bar kongekrona på pute, og leiaren for Det kongelege sekretariatetet bar rikssverdet. Andre medlemmer av leiinga i Hoffet bar Kong Harald sine fremste ordenar frå Noreg, Danmark, Sverige og Storbritannia.

Båra er drapert i kongeflagget og står på ein katafalk. I spissen for prosesjonen går Kong Haakon og Kronprinsesse Ingrid Alexandra.
Barn og barnebarn førte Kong Harald si båre gjennom Slottet. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB
Hoffsjefen står i døra inn til Store festsal. Bak han skimtar vi Kong Harald si båre og måleriet av Kong Harald som heng i Lille festsal.
Hans Majestet Kongen sin hoffsjef ber kongekrona fremst i prosesjonen. Tilsette ved Det kongelege hoffet dannar espalier. Foto: Lise Åserud / NTB

Tilsette ved Det kongelege hoffet danna espalier gjennom Slottet, og slutta seg til prosesjonen etter at båra hadde passert.

I Store festsal tok adjutantstaben over båra og førte ho vidare til Slottskapellet, der det vart halde ei privat minnestund for Kong Harald sin familie, hoff og adjutantstab.

Overføringa av båra frå Den røde salong til Slottskapellet vart òg gjennomført ved Kong Olav V sin bortgang i 1991.

To bårevakter på kvar side av båra.
Kadettar frå Forsvaret står bårevakt ved Kong Harald V si båre i Slottskapellet. Foto: Cornelius Poppe / NTB
Kong Harald V si båre i Slottskapellet, drapert i kongeflagget. På båra kviler kongekrona og rikssverdet. Foto: Cornelius Poppe / NTB

Defilering

Frå og med i morgon, tysdag 1. september, blir Slottskapellet opna for defilering for publikum frå klokka 14.00 til 18.00. Deretter vil Slottskapellet vere ope for defilering frå klokka 10.00 til 18.00 kvar dag fram til 8. september, dagen før gravferdsdagen.

Kadettar frå Forsvaret sine krigsskular vil stå bårevakt, to på kvar side.