Noregs regalia
Regaliane er symbol på Kongens makt og verdigheit og på monarkiet som statsform. Ordet regalie stammar frå det latinske ordet rex, og betyr "det som er ein konge verdig".

Historisk sett var regaliane sin viktigaste funksjon knytt til kroningane, der Kongen vart høgtideleg vigd til si gjerning. I 1908 fjerna Stortinget kroningsparagrafen i Grunnlova. Ved seinare signingsseremoniar i Nidarosdomen har kronene lege framme ved høgalteret, men vart ikkje plasserte på kongeparets hovud. I dag er dei norske regaliane utstilte i Erkebispegarden i Trondheim.
Middelalderens kroningar
Magnus Erlingsson var den fyrste norske kongen som vart krona. Det skjedde i 1163. Men dei opphavlege norske regaliane er tapt. Det vert sagt at Olav Engelbrektson, Noregs siste erkebiskop, tok med seg kongekrona og rikssverdet då han drog i landflyktighet etter reformasjonen i 1537. Han døydde kort tid etter, og regaliane sin skjebne er ukjent.
Nye norske kronjuveler
Under unionen med Danmark vart det halde felles kroningar i Danmark for begge rika, så etter sjølvstenda i 1814 fanst det ingen eigne norske regaliar. Då Kong Carl Johan skulle kronast i 1818, løyste Kongen problemet: Han betalte kongekrona og anna utstyr til seremonien sjølv.
Dei norske riksregaliane omfattar kongekrona, dronningkrona og arvefyrstekrona, Kongen og Dronninga sine rikseple og septer, salvingshornet og rikssverdet - i tillegg til to kroningskapper og riksbanner.
Noregs regalia
Kronene
Ordet krone stammar frå det latinske ordet for krans - corona. Krona har vore nytta som symbol på makt og verdigheit i fleire tusen år og kom til Europa frå Orienten.
Når dei norske mellomalderkongane vart krona, var det sannsynlegvis med ei open krone. Men frå slutten av 1500-talet vart kroner som er lukka på toppen ved hjelp av bøylar vanlege, både for monarken og dennes ektefelle. Dei norske kronene frå tida etter 1814 er bøylekroner - men tronfølgerens krone er open for å markere forskjellen i rang.

Noregs regalia: Kongekrona
Kongekrona
Den norske kongekrona vart laga av den svenske gullsmeden Olof Wihlborg. Ho vart bestilt og betalt av Kong Carl Johan til kroninga hans i 1818. Fire kongar er krona med denne krona, og ho har vore ein del av seremonien ved enda to signingar. Når ein monark er død, blir krona plassert på kista.
Utforming
Kongekrona er ei bøylekrone. Åtte gullbøylar går frå kronringen og blir samla i midten under ein globe i blå emalje med gullstjerner og band av perler. Øvst ein kross av seks ametystar. Fire av bøylane er flate og forma som eikeblad. Dei andre fire er gjennombrotne og forma som laurbærblad.
Midt på framsida er det ein stor, grøn turmalin, som skal ha vore ei gåve til kongen frå den brasilianske konsulen i Stockholm. Den purpurraude fløyelspullen er dekorert med små kroner og 50 perler.
Materialer
Krona er laga av 20 karat gull, perler og ulike edelsteinar: ametyst, granat, opal, peridot, krysopras, topas, turmalin, safir og smaragd.
Høgd: 24,5 cm
Diameter: 18,5 cm
Vekt: 1,5 kilo

Noregs regalia: Dronningkrona
Dronningkrona
Dronningkrona vart laga av Erik Lundberg og Marc Giron i Stockholm til den planlagde kroninga av Dronning Desirée i 1830. Desirée var Kong Carl Johans dronning, men vart ikkje krona saman med han i 1818. Kroninga fann aldri stad, og dronningkrona vart brukt første gong i 1860 ved kroninga av Dronning Louise.
Utforming
Dronningkrona er òg ei bøylekrone. Bøylen samlast øvst under eit rikseple med blå emalje, perleband og eit kors av perler. I kroneringens øvste kant ligg det òg eit perleband, dette med 153 perler. Hovudsteinen i kroneringa er ein stor ametyst.
Den purpurraude fløyelspullen er pynta med stiliserte flammar, brodert med 1578 svært små perler.
Materialer
Krona er laga av sølv med ei kraftig forgylling og fatningar i gull. Ho er dekorert med ametystar, citrinar, krysoprasar, topasar og eit stort tal perler.
Høgd: 17 cm
Diameter: 14 cm
Vekt: 534 gram

Noregs regalia: Arvefyrstekrona
Arvefyrstekrona
Arvefyrstekrona - tronarvingens krone - vart laga i Christiania (Oslo) i 1846 og er den einaste av regaliane som er laga i Noreg. Den var tiltenkt Kronprins Carl i samband med kroninga av hans foreldre, Kong Oscar I og Dronning Josefine.
Krona vart laga av gullsmed Herman Colbjørnsen Øyset, men teikna av Johannes Flintoe, som òg stod for delar av utsmykkinga av Det kongelige slott.
Men den norske kroninga av Kong Oscar I og Dronning Josefine fann aldri stad. Arvefyrstekrona har difor aldri blitt brukt.
Utforming
Krona er open og består av åtte takkar smykka med edelsteinar og perler. Alle takkane har ei stor norsk perle ytterst. Gullarbeidet på kroneringen, takkane og ornamenta mellom takkane består av blomar og bladverk av pressa gull. Midtsteinen er ein fasettslepen ametyst.
Pullen er i purpurfarga fløyel med broderingar i forgylt sølvtråd.
Krona er laga av fleirfarga gull, og pryda med perler, edelsteinar og slepet glas. Perlene er norske ferskvannsperler. Edelsteinane er ametystar, peridotar og citrinar.
Høgd: 15 cm
Diameter: 18 cm
Vekt: 1030 gram
Rikseplet
Rikseplet er eit gamalt symbol på fyrstens makt og symboliserer jordkloden "halden i herskaren si hule hand". Globen som herskartegn går tilbake til hellenistisk tid. Dei romerske keisarane nytta den som symbol på sitt verdsherredømme, gjerne med sigergudinna Victoria plassert på toppen. Frå 400-talet vart gudinna erstatta med eit kors som symbol på Kristi overherredømme.
Tradisjonen med å dele globen i ein nedre halvdel og to øvre fjerdedelar symboliserer verdsdelane ein kjente til i antikken: Europa, Afrika og Asia.
Etter tradisjonen frå kontinentet var rikseplet berre herskaren sitt maktsymbol. I 1568 innførte den svenske Kong Erik XIV rikseple óg for Dronninga, og denne tradisjonen vart òg følgd i Noreg.

Noregs regalia: Rikseplene
Rikseplene
Kongens rikseple vart laga av Adolf Zethelius i Stockholm i 1818 og er blant regaliene bekosta av Kong Carl Johan til hans eiga kroning. Rikseplet til Dronninga vart laga til den planlagde kroninga av Dronning Desirée i 1830.
Kongens rikseple
Kongens rikseple er laga av forgylt sølv. Globen er delt i to av eit rosedekorert bånd i gull. Øvste halvdelen er delt av eit tilsvarande band. På toppen står eit rikseple i miniatyr med eit siselert latinsk kors.
Høgd: 14 cm
Diameter: 10 cm
Vekt: 384 gram
Dronningas rikseple
Rikseplet til Dronninga er av forgylt sølv og laga av Erik Lundberg i Stockholm. Eit band – dekorert med ametystar – deler eplet i to, og eit tilsvarande band deler den øvre halvdelen i to. Eit miniatyreple i blå emalje står på toppen. Det blir delt av eit band med 30 små perler, og krossen øvst blir danna av åtte små perler.
Høgd: 16 cm
Diameter: 10 cm
Vekt: 436 gram

Noregs regalia: Septer
Septer
Eit septer er ein utsmykka stav og eit gammalt symbol på den verdslege makta til kongen. Den norske kongens septer vart laga av Adolf Zethelius i Stockholm i 1818 og er blant regaliene bekosta av Kong Carl Johan til hans eiga kroning. Septeret til Dronninga vart laga i Stockholm av Erik Lundberg til den planlagde kroninga av Dronning Desirée i 1830.
Kongens septer
Kongens septer er laga av forgylt sølv og dekorert med små roser som på rikseplet. Ornamentikken i toppstykket består av gjennombrote lauvverk, med eit rikseple i miniatyr heilt øvst.
Lengd : 75 cm
Vekt: 700 gram
Dronningas septer
Dronningas septer er laga av forgylt sølv. Det er meir dekorert enn kongens, med små ametystar og ein safir innfelt i handtaket. Toppstykket består av fire blad som omsluttar ei kjerne pryda med ametystar. Ytterlegare åtte ametystar heng ned frå toppstykket.
Lengde: 70 cm
Vekt: 574 gram

Noregs regalia: Salvingshorn
Salvingshornet
Tradisjonen med salving av Kongen stammar frå Midtausten og har opphav i Det gamle testamentet. Seremonien symboliserte at kongen var Guds utvalde representant.
Historisk vart den som skulle kronast, smurd med innvigd olje i tinning, panne, bryst og handledd. Denne seremonien vart sett på som den viktigaste ved ei kroning, fordi monarken da fekk kraft frå Den Heilage Ande til å bere byrdene som konge.
Utforming
Det norske salvingshornet er laga av Adolf Zethelius i Stockholm i 1818. Det vart nytta siste gong ved kroninga av Kong Haakon VII og Dronning Maud i 1906.
Salvingshornet er av forgylt sølv. Det er i empirestil med enkel formgjeving og raffinert, sparsom dekor. Lokket har handtak forma som ei eikenøtt, mens ei lita kongekrone prydar spissen.
Høgd: 12,5 cm
Vekt: 164 gram

Noregs regalia: Rikssverdet
Rikssverdet
Rikssverdet er eit gammalt symbol for krigsmakt og rettferd. Sidan Kong Carl Johans død i 1844 har sverdet hatt plass på kista til monarken ved sidan av Noregs krone.
Det norske rikssverdet var opprinneleg Kong Carl Johans eige sverd. Carl Johan var eigentleg fransk og heitte Jean Baptiste Bernadotte. Han gjorde militær karriere under Napoleon Bonaparte, og keisaren skal ha gjeve han sverdet då han utnemnde Bernadotte til fransk marskalk. Seinare vart Bernadotte valt til svensk kronprins under namnet Carl Johan, og skal ha bore sverdet under slaget ved Leipzig i 1813 då han kjempa mot sin tidlegare keisar.
Utforming
Både klinga, grepet og balgen (sverdskjeden) vart bearbeidd med tanke på den nye rolla som rikssverd. Klinga vart gravert med symbol på unionen mellom Noreg og Sverige - det norske riksvåpenet og svenske "Tre Kronor".
Klinga er av stål. Grepet er laga av forgylt bronse med innfelt perlemor, og toppen er forma som ei eikenøtt.
Balgen er dekorert med siselert eikelauv og perlemor.
Lengde: 110 cm
Vekt: 1300 gram

Norges regalia: Kroningskappa
Kroningskappa
Regaliane omfattar òg fire kroningskapper. Kroningskappene har sitt opphav i kyrkjeleg drakttradisjon, og vart vanlege i Europa i mellomalderen. Den purpurfarga kappa var eit symbol på kongelig verdigheit.
I 1846 løyvde Stortinget midlar til fire nye kroningskapper – to til Kongen og to til Dronninga. Dei fire kappene er nesten identiske. Dei er i raud fløyel kanta med hermelin, i tillegg til ein stor hermelinskrage. Det som skil dei, er broderia.
To av kappene var applikert med opne fyrstekroner. Den som skulle kronast, bar si fyrstekappe i prosesjonen til Nidarosdomen for så å bli kledd av kappa under fyrste del av kroningsseremonien. Kroningskappa vart så henta frå høgaltaret der ho låg klar, og plassert rundt skuldrene til vedkommande. Denne kappa skil seg frå fyrstekappa ved at kronene som prydar ho er lukka.
Etter seremonien var Kongen (og Dronninga der det var aktuelt) ikledd kroningskappa, hadde krone på hovudet og rikseple og septer i hendene. Dette skjedde for siste gong under kroninga av Kong Haakon VII og Dronning Maud.










