Kongelege beskyttarskap
Kongelege beskyttarskap har ein lang historisk tradisjon. I dag fungerer ordninga som ei anerkjenning av organisasjonar og arrangement innanfor viktige delar av samfunnslivet.
I tidlegare, meir urolege tider kunne det ofte dreie seg om faktisk, fysisk vern i form av livvakter eller eit vernebrev. I våre dagar er føremålet at dei kongelige kan bidra til å auke kunnskapen og merksemda rundt desse organisasjonane og det viktige arbeidet dei gjer.
Beskyttarskap


Kven får beskyttarskap?
Både organisasjonar og enkeltståande arrangement som festivalar, utstillingar og konferansar kan få kongeleg beskyttarskap. Søknader blir vurderte fortløpande og blir sette i samanheng med interesseområda til dei kongelege. Vanlegvis blir beskyttarskap for ein organisasjon innvilga for ein periode på fem år. Dersom organisasjonen ønskjer å halde fram med beskyttarskap, må dei søkje på nytt.
Dei kongelege kan følgje opp sine beskyttarskap gjennom audiensar der representantar orienterer beskyttaren om arbeidet sitt, gjennom deltaking ved ulike arrangement, og deltaking eller helsingar ved jubileum.
Nokre beskyttarskap har ei særleg lang historie. Til dømes har Prinsesse Astrid følgd Sanitetskvinnene sidan 1954.
– Det har vore 70 meiningsfulle år, for det arbeidet de gjer betyr mykje for så mange.
Prinsesse Astrid i si helsing til Sanitetskvinnene i 2024
Både Kongeparet, Kronprinsparet og Prinsesse Astrid har beskyttarskap dei følgjer opp. Dei fleste varer i fleire år, og desse faste beskyttarskapa er lista opp her:
Kongelege fond
Støtta til gode formål kan òg skje direkte i form av eigne fond. Det finst tre kongelege fond som alle blir forvalta av eigne styre etter oppsette statuttar.










