Hopp til innholdet

Kronprinsesse Märthas Minnefond

Kronprinsesse Märthas Minnefond gjev økonomisk støtte til sosiale og humanitære tiltak i organisasjonar og foreiningar. Fondet blir i dag leidd av Prinsesse Astrid.

Portrett av Kronprinsessen.
Kronprinsesse Märtha 1948. Foto: Atelier Jaeger / De kongelige samlinger

Fondet vart oppretta 1. april 1929 under namnet ”Hennes Kongelige Høyhet Kronprinsesse Märthas Fond”. Etter at Kronprinsess Märtha døydde den 5. april 1954, vart det bestemt at arbeidet til fondet skulle førast vidare til minne om omtanken Kronprinsessa hadde for medmenneska sine. Prinsesse Astrid, fru Ferner leier fondsstyret som ein del av det offisielle virket sitt.

Det er ei glede for meg at eg kvart år i tilknyting til mor mi, Kronprinsesse Märthas fødselsdato er så heldig at eg får lov til å dele ut pengar til sosiale og humanitære tiltak i organisasjonar og foreiningar frå heile Noreg.

Prinsesse Astrid
Portrett.
Prinsesse Astrid, fru Ferner. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelige hoff

Kronprinsesse Märthas Minnefond: Statuttar

Statuttar

Fondet har som formål å gje økonomisk støtte til sosiale og humanitære tiltak i organisasjonar og foreiningar. Det blir teke sikte på å dekkje behov som det ikkje er ei oppgåve for stat eller kommune å løyve midlar til.

Det blir ikkje gjeve bidrag til enkeltpersonar og normalt heller ikkje til investeringar. Det blir berre unntaksvis gjeve tildeling til same formål meir enn eitt år på rad.

Tildelingar

Tildeling av bidrag skjer i tilknyting til fødselsdagen til Kronprinsesse Märtha 28. mars. Søknadsfristen er 1. februar for tildeling same år.

Fondet får normalt mellom 250 og 300 søknader kvart år, og av dei blir det løyvd bidrag til om lag 150-200. Standardbidraget er på 5000 kroner, men i nokre tilfelle blir det løyvd eit høgare beløp.

Mottakarar av støtte er for eksempel sanitetsforeiningar, pensjonistforeiningar og lokallag av ulike foreiningar og organisasjonar som arbeider til beste for personar med diagnosar og utfordringar av ulike slag. Typiske tiltak det blir gjeve støtte til, er reiser, foredrag og andre arrangement av sosial karakter.

Tildelingar 2024

I 2024 tok fondet imot 270 søknader. Det vart gjeve bidrag til 165 søkjarar, og samla tildeling var på 925 000 kroner.

Mottakarane skal gje tilbakemelding om korleis pengane har vorte nytta, innan utgangen av januar året etter tildelinga.

Søknad 2026

Søknadsfristen for kommande tildelingar er 15. februar 2026. Innkomne søknader blir behandla etter utløpet av fristen. Søknader som kjem inn etter denne fristen vil ikkje bli behandla.

Alle søkjarar må logga seg inn med BankID. Det er ikkje mogleg å senda inn søknad utanom denne løysinga.

Organisering

Fondet er organisert som ei stifting. Styret blir oppnemnt av Hans Majestet Kongen og blir leidd av Prinsesse Astrid, fru Ferner. I tillegg til Prinsesse Astrid består styret av hoffsjefen, Knut Brakstad, Egil Vindorum og Ingelin Killengreen. Styret får inga form for honorar eller godtgjering.

Søknadene blir mottekne og samla av Det kongelege hoffet og blir deretter sende ut til styremedlemmane. Kven som får støtte, blir bestemt i styremøte.

Hoffet gjev bistand til Prinsesse Astrid i det offisielle virket hennar, og administrasjon og forretningsførsel av fondet er ein del av dette. Administrasjonen blir utført av Ordenskanselliet, og kansellisjef Mette Tverli er sekretær og dagleg leiar for fondet.

Spørsmål

Spørsmål om fondet kan rettast til:
Kansellisjef Mette Tverli,
Telefon: 22 04 87 00
E-post: fond@slottet.no

Bidrag til Kronprinsesse Märthas Minnefond

Vil du bidra?

Dersom du ønsker å bidra med en donasjon til Kronprinsesse Märthas Minnefond, er fondets gavekonto 6058.05.05255.

Personvern

Det kongelege hoffet er oppteke av ditt personvern. Vi vil i ein del samanhengar behandle personopplysningar i samband med verksemda vår. Nærare informasjon om korleis vi behandlar personopplysningar, og om rettane dine finn du i personvernerklæringa vår, tilgjengeleg via lenkjelista.