Slottskapellet
Grunnsteinen til Slottet ligg under alteret i Slottskapellet, og kapellet dannar ramme rundt viktige storhendingar i livet til Kongefamilien.


Defilering
Farvel med Kong Harald
Frå 1. til 8. september 2026 sto Kong Harald si båre i Slottskapellet. Meir enn 46 000 besøkte kapellet for å defilere og ta farvel med Noregs konge gjennom 35 år.
Båra var drapert i Kongeflagget, og Noregs kongekrone og rikssverd var plassert på båra. Ved fotenden var fire av Kong Harald sine ordenar plasserte: St. Olavs Orden, den britiske hosebandsordenen, den danske elefantordenen og den svenske serafimerordenen. Desse var valde på grunn av den historiske nærleiken til desse landa. Kadettar frå Krigsskulen sto vakt ved båra.
Både Hans Majestet Kong Haakon, Kong Harald, og Den Høgvørde Kronprinsesse Ingrid Alexandra er døypt og konfirmert i Slottskapellet. I tillegg er Prinsesse Astrid, Prins Sverre Magnus og andre medlemmer av Kongefamilien døypt her.
Slottskapellet spelar også ei viktig rolle når folket tek avskjed. Her låg Kong Haakon VII, Kronprinsesse Märtha og Kong Olav V i lukka kiste medan tusenvis defilerte foran båra og tok eit siste farvel.
Sidan 2002 har Slottskapellet også vorte brukt til konsertar, og fleire gonger dei seinare åra har Kongehuset invitert til Jul i Slottskapellet. Det er ei førjulsstund til glede både for gjester og TV-sjåarar. Første gongen var under koronapandemien i 2020, men då utan gjester.
Grunnsteinen til Slottet
Kong Carl Johan la ned grunnsteinen til Slottet under ein høgtideleg seremoni den 1. oktober 1825. Steinen vart lagd under det som skulle bli alteret i Slottskapellet. At grunnsteinen vart plassert nettopp her fortel oss om den viktige plassen eit slottskapell hadde som del av eit kongeleg residensslott. Dei norske kongeboligane har hatt eige kapell heilt sidan mellomalderen, og vi finn det også på Stockholm slott, i København og andre europeiske anlegg. Kapellet er det einaste rommet på Slottet som ber Kong Carl Johans monogram.




Restaurering
Kapellet vart restaurert i 2004 i samband med dåpen til Prinsesse Ingrid Alexandra og står i alt vesentleg fram slik det var då Slottet vart innvigd i 1849. Det einaste som manglar, er dei opprinnelige messinglysekronene som hang i kapellet fram til 1903. Originalane finst i dag i Vanse og Hole kyrkje.









