Ledaal
Sedan 1949 har Ledaal hatt status som kongeleg residens i Stavanger. Opprinnelig vart herregården bygd som lystgård for familien Kielland og stod ferdig i 1803.

Ledaal ligg vakkert til, omgitt av eit parkanlegg, på Eiganes vest i Stavanger. Namnet er sett saman av dei siste bokstavane i namna til byggherren og kona hans: Gabriel Schanche Kielland og Johanna Margaretha Bull.
Den store forfattaren Alexander Kielland budde aldri sjølv her, men han var ofte gjest og skal ha brukt Ledaal og omgangskrinsen til familien her som modellar i fleire av skildringane sine.
Ledaal



Jonas Schanche Kielland (1863–1930) var den siste i slekta som budde på Ledaal. Etter at han døydde vart staden kjøpt av Stavanger Museum.
Sidan 1949 - etter ei omfattande restaurering - har bygningen fungert som herregardsmuseum og representasjonslokale. Og kongebustad.
I januar 1951 kom Kronprins Olav og Kronprinsesse Märtha for å overnatte her for første gong. Sidan har det blitt mange kongelege besøk, og under Kong Harald og Dronning Sonjas signingsferd i 1991 vart det halde festmiddag på Ledaal.
Da Kongeparet markerte sitt 25-årsjubileum som Norges konge og dronning, var det hit dei inviterte til hagefest under besøket i Rogaland.
Hagefest på Ledaal
Arkitektur
Ledaal er det første murhuset som vart oppført i Stavanger, laget i teglstein importert frå Holland. Det var ikkje mange i byen som hadde erfaring med slikt, så byggherren hentet fagfolk frå København. Bygget har også klare forbilder frå dansk 1700-talls arkitektur.
Første etasje har relativt små vindauge og tette skodder. Den dannar ein sokkel som framhevar andreetasjen – piano nobile – der festsalane er.
Opphavleg var bygninga kvitkalka,med etasjeskiljar, vindaugskarmar og enkelte andre detaljar i lys sandstein importert frå Bornholm. I dag er ho måla i raud sein-empirefarge som ho fekk rundt 1850.







