Hopp til innholdet

Stiftsgården

Stiftsgården i Trondheim er ei av dei største trebygningane i Norden. Sidan 1906 har paleet vore den offisielle kongebustaden i byen.

Et lyst rom med en stor lysekrone, tregulv og malerier på veggene. Midt i bildet, men bak i rommet, står to stoler med rødt trekk på et podium.
Tronsalen. Foto: Freia Beer, Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum.

Stiftsgården har stått i sentrum for ei rekke store hendingar, mellom anna under fire kroningar og to signingar i Nidarosdomen. Då gjekk dei høgtidelege prosesjonane frå Stiftsgården til katedralen - og tilbake igjen då seremonien var over. Det var i høve kroninga av Kong Haakon VII og Dronning Maud i 1906 at paleét fekk sin status som offisiell kongebolig.

Kongeparet inviterte til stor fest i Stiftsgården då dei feira sine 60-årsdagar og Prinsesse Märtha Louise feira bryllup her i 2002. 100-årsdagen for kroninga i 1906 ble behørig feira i Stiftsgårdens saler, og då Kongeparet markerte 25 år som Norges konge og dronning, vart det halde hagefest.

Stiftsgården er bustad for dei kongelege når dei er i Trondheim, og hausten 2024 budde Prins Sverre Magnus her.

Store besøk i Stiftsgården

Kong Willem-Alexander og Dronning Máxima av Nederland besøkte Stiftsgården i høve sitt statsbesøk til Norge i 2021. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelige hoff
Kongeparet og Kronprinsparet møter pressa i hagen på Stiftsgården under feiringa 100-årsjubileet for kroninga av Kong Haakon VII og Dronning Maud i 2006. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB
Kongefamilien applauderer det 865 barn sterke koret som sang utenfor Stiftsgården i anledning signinga i juni 1991. Foto: Per Løchen / NTB

Historie og arkitektur

Stiftsgarden vart bygd som bustad for enkjefru geheime­rådinne Cecilie Christine Schøller mellom 1774 og 1778. Som ein av byens mest framståande borgarar var det viktig at bustaden fekk ei plassering og ein storleik som gav uttrykk for makt og rikdom. Det flotte paléet vart reist ved byens paradegate og hadde meir enn 100 rom.

Det malte portrettet viser en myndig dame i profil, med grått, oppsatt hår og burgunder kjole med blondekrage.
Portrett av geheimrådinne Cecilie Christine Schøller. Foto: Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum

Stiftsgården

Fakta om Stiftsgården

  • Bygd som bustad for geheimrådinne Cecilie Christine Schøller
  • Reist mellom 1774 og 1778
  • Nordens største trepalé
  • Over 100 rom
  • Omlag 4 000 kvadratmeter
  • Offisiell kongebustad sidan 1906

Stiftsgården er eigd av staten, blir forvalta av Statsbygg, og Hans Majestet Kongen har disposisjonsrett.

Et hovudverk i norsk arkitektur

Stiftsgården blir rekna som eit av hovudverka i norsk arkitektur. Paleet er oppført i overgangen mellom rokokko og nyklassisisme, og begge stilartane kjem til uttrykk i bygninga. Fasaden er prega av ein enkel og stram nyklassisisme, mens rokokkoen kjem til uttrykk i detaljane. Anlegget består av ein hovudfløy med to sidefløyer.

Gardssida vender ut mot det opphavlege hageanlegget, Stiftsgårdsparken, som vart laga i rokokkostil.

Stiftsgården - Fasade og interiører

Fasaden på det flotte trepaleéet delvis skjult av blomstrende kastanjetrær
Stiftsgården ligg sentralt plassert i Munkegata i Trondheim. Foto: Freia Beer, Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum.
To gullforgylte stoler med seter i rød fløyel og kroner på toppen av ryggen står på et blått podium i et vakkert rom.
Tronstolane i ballsalen minner om Stiftsgardens sentrale rolle ved fire kroningar og to signingar. Foto: Gorm Kallestad, NTB
Rommet er holdt i hvitt, men veggene har felt med rødlig tekstiltapet. Det er flere sittegrupper i rommet, der møblementet har samme kombinasjonen av hvitt med trekk i samme rødfarge.  Det er lyse tregulv og lysekroner fra stukkatur i taket.
Dronningsalongen ligg i andre etasje. Foto: Freia Beer, Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum
Et rom med mørkegultapet og malerier på veggene. Et skrivebord står foran en vakker smijernsovn.
Kongens kontor. Foto: Freia Beer, Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum.
Veggene i værelset er dekorert med kinesiske landskapsmotiv og pyntegjenstander fra Kina.
Det kinesiske kabinett. Foto: Freia Beer, Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum.
Stiftsgården sett fra hagen. Det er springvann og en sti gjennom hagen fram mot huset, kranset av bed med hvite og lilla blomster.
Mot hagen. Foto: Freia Beer, Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum.
Stiftsgården sett fra hagen, med en fontene i forgrunnen.
Mot hagen. Foto: Freia Beer, Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum.
Utsnitt av Stiftsgårdens fasade, der Kongeflagget vaier fra taket og et norsk flagg står utenfor bygningen.
Kongeflagget vaier over Stiftsgården under markeringa av Kongeparet sitt 25-årsjubileum i 2016. Foto: Ole Martin Wold / NTB

Omvisning

Stiftsgården er open for publikum om sommaren. Sjå detaljar hos Nordenfjeldske kunstindustrimuseum.