Regjeringsskifte
Hans Majestet Kongen spelar ei viktig rolle i den formelle overgangen mellom ei avtroppande og ei tiltredande regjering. Formelt er det Kongen som gjev statsministerkandidaten oppdraget med å danne ei ny regjering.

Dei formelle sidene ved eit regjeringsskifte blir innleidd ved at den avtroppande statsministeren orienterer Kongen om at regjeringa vil fråtre og leverer sin avskjedssøknad.
Når Kongen har motteke avskjedssøknaden, fungerer den sitjande regjeringa som eit forretningsministerium med avgrensa myndigheit fram til den nye regjeringa er på plass.
Prosessen vidare
Kongen ber den avtroppande statsministeren om råd om kven som bør danne ny regjering. Normalt vil tilrådinga vere statsministerkandidaten frå det partiet eller den koalisjonen som har breiast tilslutning i Stortinget. Det er konstitusjonell praksis at Kongen følgjer dette rådet.
Kongen vil så vende seg til den aktuelle kandidaten og be han eller henne danne regjering.
Kongen kan òg søkje råd hos stortingspresidenten eller dei parlamentariske leiarane. I situasjonar der den parlamentariske situasjonen er uklar, kan Kongen bruke skjønn. Eksemplet på det er da Kong Haakon VII utnemnde statsminister Hornsrud i 1928, og landet fekk si første regjering utgått frå Arbeiderpartiet.

Kongeriket Noregs grunnlov § 12
Grunnlova
Reglane om samansetjinga av regjeringa – Kongens råd – finst i § 12 i Grunnlova:
"Kongen vel sjølv eit råd av røysteføre norske borgarar. I dette rådet skal det vere ein statsminister og minst sju andre medlemmer.
Kongen fordeler gjeremåla mellom medlemmene av statsrådet slik han meiner det er tenleg. Til å ta sete i statsrådet ved sida av dei faste medlemmene kan kongen i særlege høve kalle inn andre norske borgarar, men ingen medlemmer av Stortinget.
Ektefolk, foreldre og born eller to sysken må ikkje ha sete i statsrådet samstundes."
Den formelle avsetjinga og utnemninga av den gamle og nye regjeringa skjer i eige avskjeds- og utnemningsstatsråd. Kongen signerer resolusjonen som konstituerer regjeringa, og dermed er utnemningane gyldige.