Sykla til jobben
H.K.H. Kronprinsessa tok sykkelen til jobb i dag. Saman med representantar for Sykle til Jobben-aksjonen og fleire andre profilar la Kronprinsessa ut på den to mil lange turen frå Skaugum til Slottet i dag tidleg.
Vel framme på Slottsplassen serverte Kronprinsesse Mette-Marit kaffi og bollar til medsyklistane sine. I morgon blir årets Sykle til Jobben-aksjon tråkka i gang over heile landet. Kampanjen blir arrangert for 39. år på rad, og den offisielle opninga skjer framfor Stortinget onsdag klokka 08.00. I 2011 deltok over seksten tusen arbeidstakarar, noko som var ei dobling frå året før.
Bruk reisevegen
Sykle til Jobben er Bedriftsidrettens uhøgtidelege konkurranse der målet er å få flest mogleg til å bruke reisevegen mellom jobb og heim til å vere fysisk aktive, det vere seg på sykkel, til fots eller på anna vis.
Det er ikkje så mykje som skal til før helsegevinsten er der – berre 30 minutt dagleg, heiter det. Ved å utnytte situasjonar som vegen til arbeidet – ei strekning dei fleste av oss uansett skal leggje bak oss – til å vere fysisk aktiv, få ein betra si eiga helse samtidig som miljøet blir spart for utslepp frå bilar. I mange tilfelle er det både tid og pengar å spare òg.
Eg utfordrar
For Kronprinsesse Mette-Marit starta sykkelturen på sett og vis rett før påske, da Skaugum deltok i energisparekampanjen Earth Hour. På Twitter lova Kronprinsessa å sykle til jobb dersom Kronprins Haakon skrudde av Macen. Fleire andre melde seg på, og både Jan Åge Fjørtoft, Marte Stokstad og Svein Tore Bergestuen slo i dag følgje med Kronprinsessa på turen frå Skaugum til Slottet.
Aktuelle saker
50 år med Framtiden i våre hender
Hans Kongelige Høyhet Kronprins Haakon var til stede under en rapportlansering i anledning organisasjonen Framtiden i våre henders jubileum.
Utnevnelse til St. Olavs Orden
Hans Majestet Kongen har utnevnt lege, programleder og artist Trond-Viggo Torgersen, Bergen, til Kommandør av Den Kongelige Norske St. Olavs Orden.