Hopp til hovedinnhold

Oppdrag Energi

H.K.H. Kronprinsen var i dag til stades i Den norske opera & ballett under NHOs årlege konferanse. Temaet for 2013 var «Oppdrag Energi», fordi utviklinga av energiressursane står heilt sentralt både for norsk næringsliv og for det internasjonale samfunnet.

08.01.2013

«Oppdrag Energi» peikar på sentrale nasjonale moglegheiter for vekst og utvikling mot eit framtidig lågutsleppssamfunn, skriv NHO i omtalen sin av konferansen. Tre område med gode moglegheiter for norske bedrifter vart spesielt behandla:

  • Tilgangen på fornybar energi skaper industrielle moglegheiter
  • Noreg kan vere ein energibank for Europa
  • Noreg kan bli ein global teknologileverandør

NHOs president Heine Wang innleidde og gav ordet til blant anna statsminister Jens Stoltenberg, Maria van der Hoeven, Executive Director i International Energy Agency, Philip Lowe, generaldirektør i EU-kommisjonen, og Helge Lund, konsernsjef i Statoil. Både desse og andre innlegg er tilgjengelege på NHOs konferansesider.

NHOs administrerande direktør Kristin Skogen Lund avslutta dagen med ei oppmoding til kloke val:
– Eg trur vi også skal lære av generasjonen før oss, som tok kloke og modige val som vi lever godt av i dag. Vi må ta like kloke val i dag, slik at vi kan ha ei energinæring i Noreg som skaper verdiar og velstand, men som likevel bidreg til å løyse klimautfordringane i verda, sa Skogen Lund.
 

I kveld vil Kronprins Haakon vere til stades ved NHOs årsmiddag, også den i Operaen.

 

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook