Hopp til hovedinnhold

VM i Freestyle

Verdsmeisterskapen i Freestyle er i full gang. H.K.H. Kronprins Haakon har følgt øvingane i Oslo og på Voss dei siste dagane. Kronprinsen har òg engasjert seg i rekrutteringa av frivillige til meisterskapen.

07.03.2013

Kronprins Haakon er til stades på tre av dei seks finaledagane under VM. Måndag 5. mars var han i Wyllerløypa i Oslo, der finalen i halfpipe gjekk av stabelen. Kronprinsen delte ut medaljane til dei tre beste i herre- og dameklassen.

Hopp og kulekøyring på Voss

I går var Kronprinsen til stades under finalen i kulekøyring i Myrkdalen på Voss. Her fekk han kunnig coaching undervegs i konkurransen av tidlegare OL-vinnar i freestyle og vossing Kari Traa. Kronprinsen delte ut medaljane i kulekøyring og møtte glade frivillige under arrangementet.

I ettermiddag held Kronprinsen fram VM-programmet sitt med finalen i aerials (hopp). Ein annan vossing, fleire gonger noregsmeister i kulekøyring Hans Eide, vil gi Kronprinsen ekspertvurderingane sine undervegs.

Frivillig arbeid

Det ligg mykje frivillig innsats bak store idrettsarrangement som dette. Kronprinsen er oppteken av frivillig arbeid og har engasjert seg i dette også under VM i freestyle. Kronprins Haakon har helst på mange av dei frivillige i Oslo og på Voss og har òg bidrege i rekrutteringa i form av foredrag for frivillige i idrettsklubben Heming i Oslo 13. februar.

VM på Voss og i Oslo

Freestyle-VM på Voss og i Oslo omfattar 12 konkurransar i tida 2. til 10. mars 2013. Om lag 350 deltakarar på internasjonalt toppnivå frå 35–40 nasjonar deltek.

Halfpipe vart avvikla i Wyllerløypa i Oslo, mens konkurransane i kulekøyring, parallellkulekøyring, skicross, aerials (hopp) og slopestyle går i eit krevjande anlegg i Myrkdalen i Voss kommune, der det er investert flere millionar kroner i eit topp moderne anlegg.



Kronprins Haakon besøker VM i Freestyle 2013 og møter de frivillige (Foto: VossOslo2013)

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook