Symposium om antidoping
I går kveld var Hans Majestet Kongen til stades da Antidoping Norge arrangerte symposium om doping i toppidretten på Grand hotell i Oslo. Symposiet inngår i markeringa av 10-årsjubileet til organisasjonen.
Antidoping Norge har ei rekkje aktivitetar i denne jubileumsveka, deriblant seminara Doping i toppidretten, som vart gjennomført tidlegare på dagen, og Doping som samfunnsproblem, som blir halde på fredag.
Toppleiarar innan arbeidet mot doping, både i Noreg og internasjonalt, stod på talarstolen på Grand. Fagsjef Anne Cappelen og styreleiar i Antidoping Norge Valgerd Svarstad Haugland innleidde, før innlegg frå president John Faley og director general Davis Hovman i World Anti-Doping Agency.
Avslutningsvis deltok Kong Harald i eit møte med representantar frå Antidoping Norge, World Anti-Doping Agency og US Anti-Doping Agency.
Antidoping Norge
Stiftinga Antidoping Norge vart stifta 3. juni 2003 og arbeider for ein rein idrett og eit samfunn utan doping.
Organisasjonen arbeider gjennom informasjon og førebyggjande arbeid, i tillegg til dopingkontrollar og internasjonalt samarbeid. Antidoping Norge initierer òg forsking på relevante tema.
Aktuelle saker

Kronprinsen i Sogndal og Høyanger
Hans Kongelige Høyhet Kronprinsen fortsatte sin fylkestur til Vestland i dag. I Sogndal fikk han oppleve en kommune som satser stort på utdanning, mens industri og omstilling var viktige tema i Høyanger.

Innledet fylkestur i Aurland og Lærdal
I dag innledet Hans Kongelige Høyhet Kronprinsen årets fylkestur, som går til Sogn i Vestland. Den spektakulære Flåmsbana tok Kronprins Haakon gjennom Aurland - den første kommunen på turen.