Hopp til hovedinnhold

Fantastisk avslutning

Det vart ei fantastisk avslutning på eit flott VM i skiskyting i dag. Hans Majestet Kongen og Prinsesse Astrid, fru Ferner har følgt meisterskapet tett.

13.03.2016

Kong Harald og Prinsessa har teke imot vinnarane på Kongetribunen. I dag stemte endeleg alt for Johannes Thingnes Bø. Etter tre fjerdeplassar vart det full klaff og individuelt gull på den siste distansen i VM. Men det var enda kjekkare å vinne stafettgull saman med dei andre, meinte Thingnes Bø sjølv. Kong Harald spurde kva han trudde om Ole Einar Bjørndalen – vil han halde fram etter dette VM-et? Det trudde dei begge han ville.

Ole Einar Bjørndalen sjølv ville ikkje gje noko svar på dette i dag. Han vil fullføre årets sesong før han tek avgjerda. Han karakteriserte sine eigne resultat i Holmenkollen som "over all forventning". Han er 42 år – og går ut av meisterskapet med to sølv og ein bronse, i tillegg til gull på stafetten.

Stort fransk meisterskap

Trass i fire norske gull: Frankrike vart den mestvinnande nasjonen i VM. Martin Fourcade og Marie Dorin Habert tok høvesvis tre og to individuelle gullmedaljar i tillegg til gull i mixed stafett. Tysklands Laura Dahlmeier gjorde òg eit sterkt VM, med gull på kvinnenes jaktstart i tillegg til både sølv- og bronsemedaljar.

Takka dei frivillige

Omlag 1400 frivillige har vore i sving under VM. Både leiaren for arrangementet, Per Bergerud, og ordførar Marianne Borgen framheva innsatsen deira spesielt etter avslutninga dag. Den store innsatsen deira er ein føresetnad for gjennomføringa.

 

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook