Gjesta Sarpsborgs 1000 års-jubileum
Jubileumsskulptur og utandørsgudsteneste var noko av det som stod på programmet da H.M. Kongen deltok under Sarpsborgs 1000 års-feiring i dag.
Dagen blir markert på sjølvaste Olavsdagen – datoen Olav den heilage fall i slaget på Stiklestad i 1030. På jubileumsdagen, tusen år etter at den same Olav segla opp langs Glomma og grunnla byen, hadde mange møtt opp for å ta imot Kongen da han kom til nye Byens brygge frå Kongebåten Stjernen. Fartøyet har, passande nok, ei lokal tilhøyrsle. Båten er teikna av Richard Furuholmen frå Varteig i Østfold.
På brygga fekk Kongen blomster av Eva Nathalie Stavn (8) og Aron Osman (7), frå høvesvis Lande og Sandesundsvegen skole. Ordførar Sindre Martinsen-Evje ønskte velkommen, og historikar Trond Svandal sette jubileumsfeiringa i eit historisk perspektiv. Maren Lorentzen Walther (14) og Markus Rosså (10), begge frå Villekulla barneteater, heldt òg tale ved markeringa. Seremonien på brygga vart meisterleg avslutta av Sarpsborg Janitsjarkorps.
Ung Olav i skulpturform
På nyrenoverte St. Maries plass i Østre Bydel avduka Kongen seinare jubileumsskulpturen Genesis av Finn Eirik Modahl. Skulpturen føresteller ein ung Olav i skikkelsen til eit notidig ungt menneske med stort potensial og ambisiøse mål.
– Det passar jo riktig bra – kanskje særleg når ein har nådd ein høg alder, slik tilfellet er med Sarpsborg, sa Kongen i talen sin før avdukinga.
Han omtalte byen som eit godt samfunn som har opplevd både motbør og oppgangstider.
– I dag er Sarpsborg eit levande sentrum i Østfold. Og i dag – på Olavsdagen, når vi markerer at det er 1000 år sidan Olav kom seglande opp elva, er Sarpsborg ein multikulturell by som hentar impulsar utanfrå – slik også Kongen den gongen gjorde. Menneske frå ulike land over heile kloden har busett seg og lever gode liv her. (…) Gratulerer alle saman med tusenårsjubileet!
Gudsteneste under open himmel
Genesis var likevel ikkje det einaste kunstverket på jubileumsprogrammet. Ved Borgarsyssel museum fekk kongen ei omvising i nye Olavs hall, som blant anna inneheld Olavssøyla. Helgenmåleriet av Olav er ein kopi av den fem meter høge søyla som finst i fødselskyrkja i Betlehem.
Jubileumsbesøket i Sarpsborg vart avslutta med ei gudsteneste i St. Nikolas kyrkjeruin. Fram til svenskane brende byen i 1567, var bygningen éin av tre mellomalderkyrkjer i byen Borg. Ruinen vart graven fram i 1916. Biskop Atle Sommarfeldt og prost Kari Mangerud Alvsvåg leidde seremonien.
Aktuelle saker

Markering av Prinsens myndighetsdag
I dag inviterte Hans Majestet Kongen og Hennes Majestet Dronningen til lunsj på Det kongelige slott for å markere Prins Sverre Magnus’ 18-årsdag. Prinsen fyller 18 år søndag 3. desember.

Utnevnelse til St. Olavs Orden
Hans Majestet Kongen har besluttet å utnevne Prins Sverre Magnus til Storkors av Den Kongelige Norske St. Olavs Orden.