Hopp til hovedinnhold

Rettstryggleikspris til Lovdata

H.K.H. Kronprins Haakon delte ut Rettstryggleiksprisen 2016 under ein konferanse på Grand Hotel i Oslo i dag. Lovdata er årets vinnar.

27.09.2016

Rettstryggleiksprisen blir tildelt éin eller fleire personar, ein institusjon eller ein organisasjon som i løpet av sist år eller over lengre tid har utmerkt seg i det juridiske arbeidet sitt. Etableringa og utviklinga av Lovdata har vore viktig for å sikre likskap for lova. Lovdata bidreg til betre og meir kunnskap om rettsreglar og praksis, også utanfor juristkrinsar, heiter det i grunngjevinga frå juryen.

Styreleiar Herman Bruserud, direktør Odd Storm-Paulsen og spesialrådgjevar Trygve Harvold tok imot prisen på vegner av Lovdata. Førstnemnde heldt òg Rettstryggleiksforedraget 2016 etter prisoverrekkinga. Hege Brækhus, professor dr.jur. på Det juridiske fakultet ved Universitetet i Tromsø, har vore årets juryleiar.

Under Rettstryggleikskonferansen i Oslo vart det òg henta impulsar utanfrå. Dommar Yassmin Barrios, leiar for Guatemalas høgrisikodomstol, var blant anna til stades for å snakke om utfordringane med å byggje ein rettsstat i Guatemala, om kamp mot korrupsjon og vald mot dommarar.

"Rettstryggleikens år"

Det er 10 år sidan Rettstryggleiksprisen vart delt ut første gong og 50 år sidan Norges Juristforbund vart stifta. I høve 50-årsjubileet har forbundet stått i spissen for å markere 2016 som Rettstryggleikens år. Målet er å skape større medvit rundt rettstryggleiksutfordringar i samfunnet – i ei tid der millionar av menneske er på flukt utan grunnleggjande rettar. Juristforbundet har fått med seg Flyktninghjelpa, Redd Barna, Raudekrossen i Noreg, Miljøstiftelsen Bellona, NOAS – Norsk organisasjon for asylsøkere og FOKUS – Forum for Kvinner på initiativet.

Les meir om Rettstryggleikens år og årets prisvinnarar i peikaren til høgre.

 

 

 

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook