Korleis få ei betre skoleoppleving?
Onsdag var Kronprinsparet på skolebesøk i Telemark for å følgje korleis prosjektet Ung Invest arbeider mot fråfall i vidaregåande skole.
Ung Invest AIB er eit opplæringstilbod i regi av Buskerud fylkeskommune til elevar som har falle ut av vanleg vidaregåande opplæring – og er ein av samarbeidspartnarane til Kronprinsparets Fond. Kronprinsen var til stades på konferansen «Inspiring Learning Life» på Sundvolden i april da Ung Invest starta turneen sin rundt om i landet for å dele og lære metodikk, kompetanse og erfaringar. Onsdag var turneen kommen til Nome vidaregåande skole i Telemark.
Leidde gruppearbeid
I skolekantina hadde Kronprinsparet ansvar for å leie elevane igjennom ulike gruppeoppgåver, der éi var «anerkjennande intervju». Her skulle elevane for eksempel trekkje fram dei beste erfaringane sine frå skolen og fritida og peike på ulike suksessfaktorar – kva som gjorde den opplevinga fin. Kva skal til for å skape ein enda betre skole enn i dag? Kva kan både du, medelevane dine og læraren gjere? Elevane og gruppeleiarane delte òg erfaringane sine gjennom såkalla styrkekort, som vart brukte til å identifisere styrkar hos ein sjølv og andre.
Frå scenen bidrog i tillegg fylkesopplæringssjef Helge Galdal og Ingeborg Mæland frå Ung Invest. Elev Jenny Elise Skogsrød frå Nome vidaregåande stod for det musikalske innslaget med sin versjon av Ed Sheerans «I see fire».
Kronprinsparet var svært godt fornøgd med gruppearbeidet.
– Vi har jobba lenge med Ung Invest og kjenner metodikken, men har aldri leidd ein slik sesjon. Forhåpentlegvis vil dagens arbeid gje dei unge lyst til å jobbe vidare med læringsmetodikk, sa Kronprinsen til den frammøtte pressa før avreisa.
Ny gjev
Med på gruppearbeidet var òg 20 år gamle Ana. Ho har opplevd skoletrøyttleik og sjukmelding, men er no tilbake på skolen.
– Styrkeindentifisering – det å finne eins eigne positive eigenskapar – har hjelpt meg mykje. Eg håpar elevane vil sitje igjen med vissa om at det er mange måtar å lære på. Og at det finst sjansar for alle, seier ho.
For Vincent Zweerts og Hilde Mari Haugdal Skaret var det deira første møte med Ung Invest og tankesettet der.
– Det har vore fint å snakke om korleis ein kan få alle til å få ein betre dag og styrkje miljøet i klassen. Om ein går inn for at andre skal ha det bra, vil det bli betre for alle, seier dei.
Turneen «Ung Invest on tour» varer til 2019. Les meir om arbeidet og om Kronprinsparets Fond i fanen til høgre.
Aktuelle saker
Unge forskere
Hans Kongelige Høyhet Kronprinsen var til stede under finaleseremonien i konkurransen Unge Forskere. Konkurransen har som mål å være en arena for engasjement og interesse for forskning blant ungdom.
Åpnet utstilling om Atlanterhavet
Hans Kongelige Høyhet Kronprins Haakon var til stede under åpningen av utstillingen «Atlanterhavet – Myter, kunst, vitenskap» på Henie Onstad Kunstsenter på Høvikodden i Bærum.