Hopp til hovedinnhold

Skoleprisen til Ila skole

Hennar Majestet Dronninga delte ut Dronning Sonjas skolepris til Ila skole i Trondheim i dag. Barneskolen fekk prisen for den heilskaplege verditenkinga si med likeverd og inkludering i alle ledd.

29.11.2016

– Ila skole merkjer seg ut med ei heilskapleg og systematisk verditenking og ved å praktisere likeverd og inkludering i alle ledd, seier juryleiar Inga Bostad, direktør ved Norsk senter for menneskerettar. Arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie var òg til stades under prisutdelinga, saman med fylkesmann Brit Skjelbred og Trondheims ordførar Rita Ottervik.

Blomsterbarn

To av førsteklassingane ved skolen, Tora Marstrand Hasle og Dan Samson Girma, møtte Dronninga med blomster da ho kom til skolen. Deretter fekk Dronninga ei omvising på skolen i følgje med rektor Trude Mathisen og elevrådsleiar Frøy Ramsfjell. Da fekk Dronning Sonja besøkje både ein klasse med rettleidd skriving og ein klasse med norskopplæring på PC.

Trykk av Dronninga

Prisutdelinga vart halden i gymsalen ved skolen. Dronning Sonjas skolepris består av eit diplom og eit trykk laga av Dronninga sjølv, pluss ein sjekk på 250 000 kroner. Etter prisutdelinga åt Dronninga lunsj saman med elevar og lærarar.

Lunsjen var det elevane på sjette trinn som hadde laga. Dei hadde diska opp med «trønderpanne med torsk» med tilbehøyr frå fleire verdsdelar. Her var hummus inspirert frå Midtausten, raita à la India, søtpotetchips med opphav i Sør-Amerika og brød frå Libya. Til dessert var det «tilslørte trollungar»: trollkrem, vaniljekrem og brødkrum. Og så var det heimelaga saft å drikke til.

Best blant 16 nominerte

16 skolar var nominerte til Dronning Sonjas skolepris i år. Juryen la vekt på at Ila skole har ei tydeleg, kunnskapsbasert og målretta leiing som arbeider med å dyktiggjere heile personalet på skolen og SFO for å skape ein god og inkluderande skole for alle. Skolen er prega av stort mangfald og er mottaksskole for nykomne minoritetsspråklege elevar. Dei blir inkluderte i aktivitetar, turar og undervisning på det klassetrinnet dei høyrer til. Juryen la òg vekt på at skolen i lang tid har arbeidd med lærarrolla og kva det inneber å vere gode rollemodellar i praksis.

Ila skole deltek i kunnskapsbaserte skoleprosjekt med sikte på å leggje til rette for eit godt læringsmiljø for alle på skolen. I tillegg har Ila delteke i den femårige satsinga «Betre læringsmiljø» i regi av Utdanningsdirektoratet.

Barneskolen har ein eigen handlingsplan ved mistanke om mobbing – og trenar på denne handlingsplanen og kva det å avverje mobbing og krenkjande åtferd og språk inneber i praksis. Skolen har ei eiga heimeside som viser både dei teoriane og dei tiltaka dei bruker i utviklinga av skolens arbeid for inkludering og likeverd.

Medverknad

Elevmedverknad er viktig for vinnarskolen, blant anna i skoledemokratiet. Elevrådsstyret analyserer òg Elevundersøkinga kvart år saman med leiinga og lærarane og kjem med forslag til tiltak. Det er tydelig at barnas meistring og meistringsoppleving står sentralt på Ila skole.

Skolen ligg i Trondheim sentrum og har 425 elevar på 1.–7. trinn. 20 prosent av elevene er minoritetsspråklege, og elevane representerer 25 ulike morsmål. Skolen merkjer seg ut med gode tiltak for minoritetselevar, men òg med målretta tiltak for kvar enkelt – tiltak som byggjer på systematisk kartlegging av relasjonar og praksis over fleire år.

Ila er ein Respekt-skole (basert på eit skoleutviklingsprogram i regi av Læringsmiljøsenteret ved Universitetet i Stavanger) som arbeider ut frå verdiane glede, respekt, samhandling og tryggleik. Den årlege kulturveka «Ila midt i verden» er eit høgdepunkt for elevane. Da deltek alle elevane i kunstnarlege og kulturelle aktivitetar som kulminerer i ein open dag.

 

 

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook