Hopp til hovedinnhold

Markens grøde 100 år

Den Høgvørde Kronprinsessa var til stades ved ei markering av Knut Hamsuns store forteljing om bonden Isak Sellanraa. Boka vart utgjeven i 1917 og gav Hamsun nobelprisen i litteratur i 1920.

20.11.2017

For å markere jubileet heldt Hamsunsenteret i Nordland ein litterær salong på SALT Art i Oslo – om Hamsun, kvinner og verdiar.

Men først var det høgtlesing frå «Markens grøde», akkompagnert av gitar. Nybrottsmannen, den fåmælte Isak, skaper eit gardsbruk av jordgamma på Sellanraa.

«Den lange, lange sti over myrene og inn i skogene, hvem har trakket opp den? Mannen, mennesket, den første som var her. Det var ingen sti før ham", skrev Hamsun.

Ved sida av han står hustrua, Inger. 

Sterke kvinner 

Vi finn sterke kvinner i «Markens grøde», skriv Hamsunsenteret i invitasjonen til kveldens salong; Hamsun skildrar det slik at mannen i marka ikkje klarer seg utan kvinnfolkhjelp … Har vi noko å lære av Hamsuns kvinner? Kvifor passar ikkje dette i vårt moderne verdisyn? Med i samtalen er blant andre Selma Lønning Aarø, som kom ut med kritikarroste «Hennes løgnaktige ytre» om Anna Munch og «forfølginga» hennar av Knut Hamsun.

Samtalen i kveld vart leidd av Solveig Hirsh ved Hamsunsenterets formidlingsavdeling.

Problematiske sider

Heile veka blir det forskjellige arrangement for å markere 100-årsjubileet til Hamsuns jordbruksepos «Markens grøde» og verdien i det litterære verket til forfattaren. Han blir rekna som ein av dei viktigaste forfattarane i norsk historie. Hamsun er blitt kalla den moderne litteraturens far og har hatt stor påverknad på mange forfattarar – som Thomas Mann og Franz Kafka.

Men arrangementa reflekterer òg rundt mange av dei problematiske sidene ved mennesket Knut Hamsun – ikkje minst det politiske synet og ståstaden hans under den andre verdskrigen.

 

 

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook