Odvar Nordli bisett i dag
Hans Majestet Kongen var fredag til stades ved gravferda for Odvar Nordli frå Tangen kyrkje i Stange. Den tidlegare statsministeren døydde 9. januar, 90 år gammal.
– Med Odvar Nordli har Noreg mista ein av dei største politikarane sine i etterkrigstida, og familien har mista ein kjær far, bestefar og oldefar. Slik opna Statsministeren minnetalen sin over Odvar Nordli i dag.
"Med Odvar Nordli har Noreg mista ein av dei største politikarane sine i etterkrigstida."
Statsminister Erna Solberg heldt minnetale saman med fylkesmann Sigbjørn Johnsen og leiar av Arbeidarpartiet Jonas Gahr Støre. Det var Nina Th. Berdsorff som forretta i gravferda, som vart gjeven ein vakker inngang av munnspelvirtuosen Sigmund Groven med "Reodors ballade".
Lang politisk karriere
Nordli var statsminister i Noreg i fem år, frå 1976 til 1981. Han vart vald inn på Stortinget for Arbeidarpartiet i Hedmark første gong i 1961. Der var han i 24 år.
I 1985 vart han fylkesmann i Hedmark, ein jobb han hadde fram til han vart pensjonert i 1993.
Nordli var òg statsråd i Kommunal- og arbeidsdepartementet frå 1971 til 1972 i Trygve Brattelis første regjering. Under Brattelis andre regjering frå 1973 til 1976 var han parlamentarisk leiar i Stortinget for Arbeidarpartiet.
Som æresteikn vart Odvar Nordli gravlagd på statens kostnad.
Aktuelle saker

For kvinners helse i 125 år
I dag markerer Norske Kvinners Sanitetsforening sin 125-årsdag. Hennes Kongelige Høyhet Kronprinsesse Mette-Marit sendte en digital hilsen til Sanitetskvinnene.

Møtte unge dyslektikere
Omtrent fem prosent har dysleksi, og like mange har dyskalkuli og spesifikke språkvansker. Fire unge med lærevansker fortalte i dag Hans Kongelige Høyhet Kronprinsregenten om sine utfordringer.