Når ein roman forandrar
Olaug Nilssens kritikarroste roman Tung tids tale blir teater i haust. I kveld er Den Høgvørde Kronprinsessa i salen når statsminister Erna Solberg møter forfattaren til samtale.
Lesaren Erna Solberg møter Olaug Nilssen til samtale om korleis ein roman kan forandre liva våre – som lesarar og som samfunnsborgarar. Riksteatret sender samtalen direkte over Facebook-sidene sine:
Sjef for Riksteatret Tom Remlov leier samtalen mellom dei to, og det blir òg utdrag frå den kommande oppsetjinga.
Den store vesle boka kom ut i 2017 og vart møtt med strålande kritikkar. Boka om ei mors kjærleik og kamp for eit annleis barn fekk òg Brageprisen og fleire andre utmerkingar same år. Førstkommande fredag har teaterstykket urpremiere på Riksteatret i Nydalen.
Teater
Framsyninga er ein samproduksjon mellom Riksteatret og Det Norske Teatret i samarbeid med Kilden Teater, og regien er ved Marit Moum Aune.
Frå Riksteatret si sesonglansering: Frå venstre skodespelarane Julie Moe Sandø, Jon Bleiklie Devik, Marianne Krogh, forfattar Olaug Nilssen, Siren Jørgensen og regissør Marit Moum Aune. Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix
Riksteatret har planlagt 51 framsyningar i ulike delar av landet, og våren 2019 blir stykket å sjå på Det Norske Teatret i Oslo.
Aktuelle saker

Gratulasjonar
Følgjande gratulasjonsbodskap er boren fram frå Hans Majestet Kongen til Filippinanes nye president, H.E. herr Ferdinand Romualdez Marcos Jr.

Sørgegudstjeneste i Oslo domkirke
Etter skytetragedien i Oslo sentrum natt til lørdag ble det holdt sørgegudstjeneste i Oslo domkirke i dag. Hennes Kongelige Høyhet Kronprinsesse Mette-Marit var til stede under gudstjenesten.