Hopp til hovedinnhold

Kongen delte ut Kavliprisen

Hans Majestet Kongen delte ut Kavliprisen 2018 i Oslo konserthus i ettermiddag. Kavliprisen heidrar banebrytande arbeid innan astrofysikk, nanovitskap og nevrovitskap. 

04.09.2018

Prisvinnarane skal representere «bane­brytende forskning som vil gavne menneskeheten på en gjennomgripende måte», går det fram av statuttane. Prisutdelinga var lagd til Oslo konserthus, der Alan Alda og Heidi Ruud Ellingsen leidde seremonien.

Sju framståande forskarar

Sju framståande forskarar får denne utmerkinga i år. Arbeida deira omfattar studium av molekyl i verdsrommet og livssyklusen til stjerner og planetar, utviklinga av ein reiskap for presis redigering av DNA og nevrovitskapen til grunn for menneskeleg høyrsle.

Vinnarane av årets Kavliprisar saman på scenen i Oslo konserthus. Foto: Berit Roald, NTB scanpixVinnarane av årets Kavliprisar saman på scenen i Oslo konserthus. Foto: Berit Roald, NTB scanpix


Vinnaren innan astrofysikk er nederlandske Ewine van Dishoeck. 

Innan nanovitskap blir prisen delt mellom franske Emmanuelle Charpentier, amerikanske Jennifer A. Doudna og Virginijus Šikšnys frå Litauen.

Også prisen innan nevrovitskap vart delt mellom tre pristakarar: A. James Hudspeth frå USA, Robert Fettiplace frå Storbritannia og Christine Petit frå Frankrike.

 Håvard Gimse ved klaveret. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelege hoffetHåvard Gimse ved klaveret. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelege hoffet

Dei musikalske innslaga under seremonien stod Eldbjørg Hemsing, Håvard Gimse, Solveig Slettahjell & Mosaic Choir og Adam Douglas for.

Kavliprisen

Kavliprisen er eit samarbeid mellom Det Norske Videnskaps-Akademi, Kavlistiftelsen og Kunnskapsdepartementet og blir delt ut annakvart år. Prisen er på ein million dollar, og første tildeling skjedde i 2008. Prisen er oppkalla etter den norskamerikanske forretningsmannen Fred Kavli, som oppretta prisfondet.

 

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook