Dronninga i Frankrike
Tre norske kunstnarar er vigde ei eiga utstilling på Frankrikes nasjonalmuseum for keramikk i Sèvres. I dag var Hennar Majestet Dronning Sonja til stades på opninga av utstillinga, som har fått namnet «Forces de la Nature» – Naturens krefter.
Museet ligg utanfor Paris og er ein av verdas fremste arenaer for keramikk som kunstform.
Med norsk natur som inspirasjon
Kari Dyrdal (tekstil), Torbjørn Kvasbø (keramikk) og Margit Tingleff (keramikk) er tre sentrale norske samtidskunstnarar.
Dronninga og Frankrikes kulturminister Françoise Nyssen fekk ei omvising i utstillinga av kurator Christine Germain-Donnat. Dei tre kunstnarane var til stades og fekk presentert verka sine. På forskjellige måtar har dei vorte inspirerte av storslåtte norske landskap, noko utstillingstittelen speglar.
Opprør mot tradisjonelt kunsthandverk
Utstillinga omfattar 65 verk. Ho er ei av dei største utstillingane av norsk kunsthandverk viste utanfor Noregs grenser.
Marit Tingleff, Torbjørn Kvasbø og Kari Dyrdal er vigde ei eiga utstilling i Sèvres. Foto: EPA/YOAN VALAT
Kunstnarane har alle bakgrunn frå Kunsthøgskolen i Bergen frå midten av 1970-talet. Dei var sentrale i opprøret mot den tradisjonelle tenkinga innan kunsthandverk.
Utstillinga er ein del av arbeidet med å fremje norsk kultur i utlandet og bane veg internasjonalt for norske kunst- og kulturaktørar. Bak står Norwegian Crafts, KODE Kunstmuseum og Komponisthjem i Bergen og Sørlandets Kunstmuseum i Kristiansand. Ho blir støtta av Utanriksdepartementet og ambassaden i Paris.
Verdskjent porselen
Frankrikes nasjonalmuseum for keramikk er knytt til porselensfabrikken som vart anlagd i 1740 og flytta til Sèvres i 1756.
I morgon deltek Dronninga på markeringa av 100-årsjubileet for det norsk-franske utdanningssamarbeidet i Rouen i Normandie.
Dronninga blir motteken av Frankrikes kulturminister Françoise Nyssen. Foto: Liv Anette Luane, Det kongelege hoffet
Aktuelle saker
UNDP Human Development Report
Hans Kongelige Høyhet Kronprinsen var til stede under den norske lanseringen av FNs utviklingsprograms Human Development Report.
50 år med Framtiden i våre hender
Hans Kongelige Høyhet Kronprins Haakon var til stede under en rapportlansering i anledning organisasjonen Framtiden i våre henders jubileum.