Hopp til hovedinnhold

Nordisk råds litteraturpris

Den Høgvørde Kronprinsessa delte ut Nordisk råds litteraturpris 2018 til den islandske forfattaren Auður Ava Ólafsdóttir i Operaen i Bjørvika i kveld.

30.10.2018

Kronprinsesse Mette-Marit hadde gleda av å overrekkje prisen til Auður Ava Ólafsdóttir for boka Ör. I tildelinga heiter det:

"Nordisk Råds litteraturpris 2018 tildeles for et verk som er fullt av humor og et språk som gnistrer av liv, samtidig som det stiller dype spørsmål om liv og død."

"Nordisk Råds litteraturpris 2018 tildeles for et verk som er fullt av humor og et språk som gnistrer av liv, samtidig som det stiller dype spørsmål om liv og død.

Ör er Auður Ava Ólafsdóttirs femte roman. Ho har òg skrive ei diktsamling, skodespel og songtekstar for eit islandsk band. Ho er fødd i Reykjavík i 1958 og har undervist i kunstvitskap og kunsthistorie på Islands universitet og Islands teaterskole. 

Kronprinsesse Mette-Marit gratulerer Auður Ava Ólafsdóttir frå Island med Nordisk råds litteraturpris 2018. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpixKronprinsesse Mette-Marit gratulerer Auður Ava Ólafsdóttir frå Island med Nordisk råds litteraturpris 2018. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Feira nordisk kultur 

Den Høgvørde Kronprinsen var òg til stades under prisutdelinga, som feira det beste av nordisk kultur og miljø. Litteraturprisen blir delt ut saman med Nordisk råds prisar for barne- og ungdomslitteratur, musikk, film og miljøarbeid. Nordisk råds sesjon denne hausten blir halden i Noreg denne veka, og utdelinga av dei prestisjetunge prisane er eit av høgdepunkta.

Prisutdelinga vart vist på NRK TV i kveld, med Linda Eide og Hans-Olav Brenner som programleiarar og med musikalske innslag frå Susanne Sundfør, Dagny, Jarle Bernhoft, Marja Mortensson, Jan-Erik Gustafsson, Operakoret og KORK. 

Marja Mortensson på scenen under prisseremonien i Operaen. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelege hoffetMarja Mortensson på scenen under prisseremonien i Operaen. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelege hoffet

Prestisjetung pris 

Nordisk Råds litteraturpris har vorte utdelt sidan 1962 og går til eit skjønnlitterært verk som er skrive på eitt av dei nordiske språka. Det kan vere ein roman, eit skodespel, ei diktsamling, ei novellesamling eller ei essaysamling som lever opp til høge litterære krav. Formålet med prisen er å auke interessa for litteratur og språk i nabolanda og for den nordiske kulturfellesskapen.

Kronprinsessa takka Nordisk råd i kveld for alle forfattarane og verka dei gjennom åra har opna auga våre for:

– Nordisk råds litteraturpris har ein heilt spesiell posisjon. Han har gjennom tidene løfta fram nokre av dei aller finaste forfattarane våre. Utan Nordisk råds lyskastar kunne både eg og tusenvis av andre lesarar gått glipp av viktige forfattarskapar og store leseopplevingar.

Nordisk råds litteraturpris 2018 gjekk til Auður Ava Ólafsdóttir frå Island. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpixNordisk råds litteraturpris 2018 gjekk til Auður Ava Ólafsdóttir frå Island. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

I alt var 13 forfattarar nominerte til årets litteraturpris:

  • Frå Danmark: Caroline Albertine Minor: Velsignelserog Vita Andersen: Indigo

  • Frå Finland: Susanne Ringell: God morgonog Olli-Pekka Tennilä: Ontto harmaa

  • Frå Færøyane: Jóanes Nielsen: Gudahøvd

  • Frå Grønland: Magnus Larsen: Illinersiorluni ingerlavik inussiviuvoq

  • Frå Island: Auður Ava Ólafsdóttir: Örog Sigurður Pálsson: Ljóð muna rödd

  • Frå Noreg: Roskva Koritzinsky: Jeg har ennå ikke sett verdenog Carl Frode Tiller: Begynnelser 

  • Frå Sverige: Gunnar D. Hansson: Tapeshavetog Agneta Pleijel: Doften av en man

  • Frå Åland: Carina Karlsson: Algot

Andre prisar

Også statsminister Erna Solberg var blant prisoverrekkjarane i kveld. Ho overrekte Miljøprisen til Naturressursrådet i Attu på Grønland for innsatsen deira for å dokumentere og formidle lokalbefolkningas kunnskap og erfaring om havmiljøet.

Erna Solberg deler ut Nordisk råds miljøpris til Naturressursrådet i Attu. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpixErna Solberg deler ut Nordisk råds miljøpris til Naturressursrådet i Attu. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Skodespelaren Jakob Oftebro overrekte Nordisk råds filmpris til filmen Kona fer í stríð, Island.

Gunilla Bergström, forfattar og illustratør av bøkene om Albert Åberg, overrekte Nordisk råds litteraturpris for barne- og ungdomslitteratur, som gjekk til Bárður Oskarsson frå Færøyane. Forleggjaren tok imot prisen på vegner av vinnaren. 

Songar og komponist Sofia Jernberg overrekte Nordisk råds musikkpris til den norske komponisten og organisten Nils Henrik Asheim for verket Muohta (Snø).

Nils Henrik Asheim frå Noreg fekk Nordisk råds musikkpris 2018. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpixNils Henrik Asheim frå Noreg fekk Nordisk råds musikkpris 2018. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Etter utdelinga møtte Kronprinsparet kveldens prisvinnarar. 

 

 

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook