Barnerettsfrukost
Den Høgvørde Kronprins Haakon og Den Høgvørde Kronprinsesse Mette-Marit var i dag til stades under eit frukostseminar om vald mot barn i regi av NRK Super og Redd Barna i Oslo.
NRK Super har kvart år temadagar om eit tema som gjeld barn, og som det kan vere vanskeleg å prate om. I år samarbeider dei med Redd Barna om å sette fokus på vald mot barn. Saman vil dei formidle kvifor barn må få kunnskap om vald, og korleis vaksne kan snakke med barn om dette.
Barnerettsfrukosten markerte starten på NRK Supers temadagar om vald og er ein del av Redd Barnas årlege nasjonale kampanjeveker mot vald og overgrep. Kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen og Redd Barnas generalsekretær Birgitte Lange opna lanseringsfrukosten.
Kronprinsparet fekk blant anna sjå animasjonsfilmar og eit utdrag frå ein dramaserie som set fokus på vald mot barn. Foto: Redd Barna
Delte erfaringar
Frå scenen fekk Kronprins Haakon, Kronprinsesse Mette-Marit og resten av publikum høyre frå organisasjonar som har samla erfaringar frå valdsutsette barn og unge. Representantar frå Barneombodet, krisesenter, skolehelseteneste og barnevern deltok i panelsamtalar, og Gertrud Hafstad, forskar ved Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress (NKVTS), presenterte funn frå den nye omfangsundersøkinga om vald og overgrep mot barn og unge.
Under frukostseminaret var det òg premierevising av den nye animasjonsfilmen «Vaksne skal aldri slå». Filmen er produsert av Bivrost film for NRK Super, i samarbeid med Redd Barna. I tillegg vart det vist glimt frå den nye dramaserien «Mot», som handlar om vald mot barn, produsert av NRK Super. Videoane og undervisningsmateriellet skal kunne brukast som del av undervisninga på barne- og ungdomsskolar i heile Noreg.
Formålet med innhaldet er å gje barn og vaksne verktøy som kan bidra til å gjere det lettare å snakke om vald på ein førebyggjande måte.
Generalsekretær i Redd Barna, Birgitte Lange, og kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen fortalde om samarbeidet. Foto: Det kongelege hoffet
Aktuelle saker

Den samiske arven
I Hattfjelldal, Aarborte på sørsamisk, ble Deres Majesteter Kongen og Dronningen ønsket velkommen av barn og unge som sang og snakket på sørsamisk og norsk. I denne kommunen på Helgeland har samisk og norsk kultur eksistert side om side i generasjoner.

– Godt å være i Nord-Norge igjen
Deres Majesteter Kongen og Dronningen innledet i dag fylkesturen i Nordland. – Vi puster så fritt her i nord – hvor det er så mye hav, fjell og himmel. Og helt spesielt mange hyggelige mennesker, sa Kong Harald, som holdt turens første tale.