Hopp til hovedinnhold

I audiens hos Kronprinsen

Denne veka har Den Høgvørde Kronprinsen tatt imot representantar for ti av organisasjonane han er beskyttar for i audiens. Dei gav han ei orientering om arbeidet sitt og planane framover.

05.02.2020

Kongelege beskyttarskap har ein lang historisk tradisjon. I dag fungerer ordninga med beskyttarskap som ei anerkjenning av organisasjonar og arrangement innanfor viktige område av samfunnslivet.

Tysdag og onsdag var representantar frå fleire av organisasjonane Kronprinsen er beskyttar for, inviterte til Slottet for audiens. 

Representantar for Nordland Musikkfestuke, Nordlysfestivalen, Arktisk Filharmoni, Stavanger Symfoniorkester og ULTIMA-festivalen vart mottekne av Kronprinsen tysdag. 

- Vi søkte om å få Kronprinsen som beskyttar fordi vi hadde eit ønske om å bli oppfatta som nasjonalt viktig. Da følte vi at Slottet ved Kronprinsen ville vere med på å byggje den nasjonale tilhøyrsla, også for eit orkester så langt nord i verda, sa Tor Lægreid, direktør for Arktisk Filharmoni etter besøket på audiensrommet til Kronprinsen. 

Arktisk Filharmoni er den nordlegaste filharmonien i verda. Under audiens hos Kronprinsen var dei representerte ved styreleiar Tove K. Knutsen, kommunikasjonssjef Lasse Jangås og direktør Tor Lægreid. Foto: Liv Osmundsen, Det kongelege hoffet.

Onsdag var det audiensar for representantar for Bjørnsonfestivalen, Ibsenfestivalen, Den norske filmfestivalen i Haugesund, ANSA og Norges Musikkorps Forbund. 

- Vi prøver å vere til stades for medlemmene våre i utlandet og jobbar for at internasjonal kompetanse skal bli verdsett i Noreg. Vi set utruleg stor pris på å ha Kronprinsen som vår beskyttar og opplever det som veldig fint at han støttar arbeidet vårt, sa Hanna Flood, president for ANSA. 

Beskyttar for 15 organisasjonar 

Kronprins Haakon er beskyttar for 15 organisasjonar. Normalt blir det innvilga beskyttarskap for ein periode på fem år. Deretter må organisasjonen søkje på nytt dersom ein ønskjer at beskyttarskapet skal halde fram. 

Søknader om beskyttarskap blir vurdert kontinuerleg og sett i samanheng med programmet og satsingsområda til Kongefamilien. 

Norges Musikkorps Forbund har 60 000 medlemmer. Under audiens hos Kronprinsen var dei representerte ved president Rita Hirsum Lystad, prosjektleiar for musikkorpsåret 2018 Berit Handegard og generalsekretær Karl Ole Midtbø. Foto: Sara Svanemyr, Det kongelege hoffet

 

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook