Hopp til hovedinnhold

Historisk besøk på Jan Mayen

Sterk kuling og snøfokk møtte Den Høgvørde Kronprinsregenten da han kom til Jan Mayen tysdag. Da var det nesten 44 år sidan daverande Kronprins Harald og Kronprinsesse Sonja besøkte øya i Ishavet.

26.02.2020

I det tette snødrevet kunne ein så vidt skimte den nordlegaste aktive vulkanen i verda, Beerenberg.

Forsvarssjef admiral Haakon Bruun-Hansen stod bak invitasjonen, og frå flyplassen bar det rett til Forsvarets stasjon i Olonkinbyen, der stasjonssjef Leirvik orienterte Kronprins Haakon om Jan Mayen og den store betydninga øya har som del av Noreg.

Kronprins Haakon vart motteken av stasjonssjef Rune Leirvik da Forsvarets Herkules-fly landa på Jan Mayen. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelege hoffet

Jan Mayen er viktig for Noreg. Det er store gyteområde for fisk i områda rundt øya, og det er også gjort funn av verdifulle mineral i havet mellom Jan Mayen og Svalbard. Jan Mayen har potensielt stor strategisk betydning og kan også bli viktig for forskinga på klimaendringane framover.

Dette var Kronprins Haakons første besøk til øya. 
– Det er veldig imponerande å sjå Jan Mayen med eigne auge. Dette er ein del av Noreg eg aldri har vore i før. Naturen er utruleg majestetisk, sa Kronprinsen.

Dette var Kronprins Haakons første besøk til Jan Mayen. Foto: Simen Løvberg Sund, Det kongelege hoffet

Forsvaret og Meteorologisk institutt har bemanna stasjonar på Jan Mayen, og i dag er det 18 personar som bur og arbeider på øya. Normalt tenestegjer dei seks månader om gongen.

Direktør i Meteorologisk Institutts Roar Skålin orienterte om kor viktig det er å ha ein bemanna stasjon på Jan Mayen. Det var nettopp meteorologane som okkuperte Jan Mayen som norsk territorium i 1922 og 1926. I  februar 1930 vedtok Stortinget at Jan Mayen er ein udeleleg del av Noreg.

Kronprinsen med dei 18 som bur og arbeider på Jan Mayen. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelege hoffet

Omvisning

Kronprins Haakon tok seg god tid til å prate med dei tilsette da han vart vist rundt i Olonkinbyen. Han starta i "Krambua", som vart betent av sjukepleiaren ved stasjonen, Borghill K. Tjosaas. Derfrå tok Tjosaas han med inn på sjukestua, som òg fungerer som Jan Mayens tannlegekontor. Det er viktig med ei godt utstyrt sjukeavdeling når næraste sjukehus ligg på fastlandet, 1000 kilometer unna.

Sjukepleiaren ved stasjonen, Borghill K. Tjosaas, viste Kronprins Haakon krambua og sjukestua. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelege hoffet

I elektronikkavdelinga venta elektronikksjef Tor Henrik Hovi og ingeniør Christer Rørelv, som fortalde om dei mange gjeremåla som ligg til stasjonen på Jan Mayen. Driftsleiar Harald Berre orienterte Kronprinsen om dei mange forskjellige maskinene som forsyner Jan Mayen med vatn og straum, og om korleis ein dannar ferskvatn frå havvatn. Omvisinga vart avslutta på bilverkstaden, der vedlikehaldsleiar David Hvaal og bilmekanikar Kenneth T. Enger fortalde om dei mange utfordringane som det røffe vêret på Jan Mayen kan vere for den vesle, men svært viktige bilparken på øya.

Ei av "avdelingene" til Meteorologisk institutts stasjon på Jan Mayen. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelege hoffet

Før avreise seint tysdag ettermiddag besøkte òg Kronprinsen stasjonen til Meteorologisk institutt, som ligg mellom Olonkinbyen og flyplassen Jan Mayens Field. Stasjonen er bemanna med fire personar.

Jan Mayen

Jan Mayen er ei arktisk øy i Norskehavet. Den blir administrert av Fylkesmannen i Nordland, men er ikkje ein del av Nordland fylke. I 2010 vart nesten heile øya freda som naturreservat.

Jan Mayen ligg 1000 kilometer frå Fastlands-Noreg. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix

Jan Mayen ligg svært nær den midtatlantiske spreiingsryggen, som er ei vulkansk sprekkesone som i Nord-Atlanteren skil den amerikansk-grønlandske kontinentalplata frå den eurasiske.

Atlanterhavsryggen tilhøyrer eit system av midthavsryggar som strekker seg frå Polhavet i nord til den norske Bouvetøya i det sørlege Atlanterhavet. Langs midthavsryggane blir det danna ny, vulkansk jordskorpe kontinuerleg. I Nord-Atlanteren starta denne prosessen for rundt 54 millionar år sidan, og den pågår framleis.

Midthavsryggen er prega av vulkansk aktivitet, noko som også påverkar Jan Mayen. Vulkanen Beerenberg på Jan Mayen er framleis aktiv og hadde sitt siste utbrot i 1985.

 

Kronprins Haakon besøker Jan Mayen. Foto: Simen Løvberg Sund, Det kongelige hoff

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook