Festkonsert på Oscarshall
Hans Majestet Kongen og Hennar Majestet Dronninga var vertskap for Oslo kommunes festkonsert i høve 17. mai i år. Konserten vart spelt inn på lystslottet Oscarshall utanfor Oslo sentrum denne veka.
17. mai-komiteens festkonsert i Oslo har lang tradisjon og blir normalt arrangert for eit stort publikum ved Karpedammen på Akershus festning. På grunn av pandemien var det ikkje mogleg å gjennomføre konserten på vanleg vis i år, så Kongeparet stilte Oscarshall til rådvelde for ei innspeling.
Festkonsert på Oscarshall. Foto: Oslo kommune
Formålet med festkonserten er å løfte fram talentfull ungdom og leggje til rette for samarbeid mellom unge og vaksne – mellom profesjonelle og amatørar. Det er ein viktig arena for Oslos unge talent innanfor musikk, dans, teater og song der dei får opptre saman med profesjonelle. «Dagen før dagen» på Oscarshall var første gong på lang tid dei unge talenta kunne møtast for å spele og underhalde.
Kongen og Dronningen var vertskap for minikonserten på Oscarshall. Foto: Torstein Bøe / NTB
Tre elevar frå Edvard Munch videregående skole, Foss videregående skole og Oslo kulturskole spelte saman med profesjonelle musikarar frå instrumentaltrioen «Blåsemafian».
Millie Schumann på trompet, Børge Rekstad på horn og Sol Loennecken på trombone spelte saman med «mafians» Stig Espen Hundsnes (trompet), Jørgen Lund Karlsen (saksofon) og Sigurd Evensen (trombone). Foto: Torstein Bøe / NTB
Dramaelevane Elene Kristina Blystad og Idunn Sofie Thorsdottir frå Hartvig Nissen skole batt det heile saman som konferansierar
Aktuelle saker

Prinsesse Astrid åpnet N.K.S Helsehus
Prinsesse Astrid, fru Ferner klippet snoren da det nye helsehuset i Lørenskog ble åpnet.

Kronprinsparet besøkte ungdom og frivillige hos Drammen Røde Kors
Ungdomshuset Fellesverket er et gratis aktivitetstilbud for ungdom i alderen 13 til 25 år. I dag kom Deres Kongelige Høyheter Kronprinsen og Kronprinsessen på besøk til Fellesverket i Drammen.