Hopp til hovedinnhold

Gutar på randa – av klasserommet

Mange unge gutar fell ut av skule-, arbeids- og samfunnsliv. Den Høgvørde Kronprinsen opna i dag konferansen Guttas Campus om denne samfunnsutfordringa.

08.09.2021

– Ei av dei aller viktigaste prioriteringane vi kan gjere, er å investere i unge. Konsekvensane av å ikkje lykkast på dette feltet er store – både personleg og for samfunnet. Og gevinsten er tilsvarande stor om vi får det til, sa Kronprins Haakon i videohelsinga si ved opninga.

Konferansen Guttas Campus samla deltakarar som arbeider innan skule og utdanning, i hjelpeapparatet og innan forvaltning og politikk.

Kronprins Haakon sender en videohilsen til åpningen av Guttas Campus-konferansen. Foto: Simen Løvberg Sund, Det kongelige hoff

Kronprins Haakon sender ei videohelsing til opninga av Guttas Campus-konferansen. Foto: Simen Løvberg Sund, Det kongelege hoffet

– For la oss tenkje oss eit samfunn der vi seier: Du er bra nok. Du er god nok. Kva kan eg gjere for deg for at du kan få brukt det du er god på, sa Kronprinsen vidare i talen.

Målet med dagen var å fremje faglege innspel og drøfte konstruktive tilnærmingar til arbeid med gutar som står i utfordrande situasjonar.

Læringscampen Guttas Campus

Nokre av gutane som har gjennomført Guttas Campus, deltok òg på konferansen.

Guttas Campus er ein to veker lang intensiv læringscamp med oppfølging på mentorsenter i halvtanna år etter campen. Målgruppa er gutar i 9. klasse som opplever skulen som utfordrande, og som ønskjer å styrkje seg fagleg og sosialt før dei byrjar på vidaregåande skule.

Kronprinsen vende seg først til dei i helsinga si:

– Bra jobba – med å ha meldt dykk på Guttas Campus og ha gjennomført kursa. Eg skjønner at det er hard jobbing, men viktig arbeid. Eg har trua på dykk, sa Kronprins Haakon innleiingsvis.

Det første kullet med 26 gutar frå Oslo-skulane vart gjennomført i 2018. I 2019 og 2020 var det 45 gutar som deltok på Guttas Campus i Oslo. I år starta Guttas Campus også opp i Vestland med 33 gutar på læringscampen.

 

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook